Annette Larsson

Share

Annette Larsson var gjest hos Øyvind Jacob onsdagskvelden. Countrysongaren frå Sordal hadde med seg ei demoplate av ei singelplate ho skal gje ut i haust, og ho fortalde litt om korleis plata har blitt til.

Pianisten hennar, Asbjørn Renberg, var i Nashville i vår. I 14 dagar banka han på dører hos ulike musikkforlag for å prøve å få napp for vokalisten sin. Ho spelte på Ose Countryfestival i sommar, det var ein sølete og regnfull kveld, men stor stemning slik ho opplevde det. Sidan spelte dei på countryfestival i Silkeborg i Danmark, der var det 5000 publikummarar ein sundag ettermiddag då ho og Arly Karlsen delte ein konsert. Det var nok høgdepunktet hennar så langt i karriera.

Ho fortalde og at i kveld, fredag, skulle ho spele på eit familiearrangement på Bygland, det var ein stor kulturdugnad, og laurdag skulle ho spele på Valle Motell.

Med demoplata gjekk det slik til at då Asbjørn var i Nashville, var det innspelingsstopp. Difor var det fleire låtskrivarar som etter kvart gav han songar han kunne bruke for Annette, og no held dei på og arbeider med dei med tanke på å få eit album om ikkje så lenge. Demoen har dei laga for å promotere den. Av kjende namn som har sunge tekstar av same låtskrivarane er Gretchen Wilson, Faith Hill, Trisha Yearwood, LeAnn Rimes, Patty Loveless, Reba McEntire, George Strait, Big & Rich, Trace Adkins, Rascal Flats og Randy Travis.

Her er lenke til Annette si heimeside: http://www.annettelarsson.com/

2 tankar om “Annette Larsson”

  1. Hei, og takk for en hyggelig kveld i studio sammen med tidligere sambygdinger! 🙂

    Jeg vil bare presisere at demoen som dere fikk ikke må forveksles med singelen og platen som kommer. Demoen inneholder tidligere utgitte coverlåter, og er ment for å gi arrangører en idé om hvordan Annette og bandet hennes låter. Singelen og platen vil inneholde originalmateriale fra forlagene i Nashville. Ingen av låtene fra demoen vil være på platen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *