Astronomi i Aktuell time

Share

I den aktuelle timen i onsdag 16. september hadde Øyvind Jacob astronomi som tema. Fleire av sangane han spelte var inspirert av det, mellom anna Fly me to the Moon. Med seg i studio hadde han to nye sjukepleiarar som har inngått avtale om to års teneste i Valle kommune og som nyleg har begynt på Valle bygdeheim, Siril (eg fekk ikkje med meg etternamnet) frå Birkeland og Gurid Kristine Kleggetveit frå Evje. Dei prata om laust og fast, men var ikkje så interesserte i astronomi som Øyvind, det skal kanskje noko til.

Han hadde ein avtale med Knut Jørgen Røed Ødegård om å snakke med han på telefonen, så etter nokre forsøk på å få kontakt, lukkast det, og det vart ein interessant prat.
http://no.wikipedia.org/wiki/Knut_J%C3%B8rgen_R%C3%B8ed_%C3%98degaard

Astronomen var i Tromsøområdet og leita etter meteorittnedslag, det hadde visst vore eit slikt nedslag i området ved Tromsø. Ein meteoritt er ganske gamal og kan gje forskararne informasjon om mange spørsmål, så dei er alltid på utkikk etter slike nedslag. http://no.wikipedia.org/wiki/Meteoritt

Dei snakka og om Betelgeuse, ei stjerne i stjernebiletet Orion som er i siste fase av livet. http://no.wikipedia.org/wiki/Betelgeuse
Ødegård meinte at innan tre til fem år ville den gå i oppløysning og verte svart. Det er mange astronomar som fylgjer den stjerna, for det vil skje i løpet av svært kort tid når det skjer. Øystein lurte på om det ville bli eit gammaglimt http://no.wikipedia.org/wiki/Gammaglimt når den gjekk i oppløysing, men det kunne Ødegård avkrefte.

Elles snakka dei om dei mange spesielle hendingane innan astronom i året som ligg framom. Det fyrste var visstnok at jorda passerer Leonidene 17. november, og då kan ein sjå mange stjerneskot på himmelen. http://no.wikipedia.org/wiki/Leonidene

Eit anna fenomen er formørking, og det skulle vere fleire slike i tida framover. http://no.wikipedia.org/wiki/Solform%C3%B8rkelse

Til slutt snakka dei om kva som kunne vere fornuftig om ein ville kjøpe sin første stjernekikkert, og Ødegård meinte at ein kunne kjøpe ein til om lag 3000 kroner som ei fyrste investering. Men sjølv ein vanleg kikkert kunne vere god til å studere stjernehimmelen.

Ein tanke om “Astronomi i Aktuell time”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *