Busettingssoga i Setesdal 2

Share

Eg held fram med stoff frå Leonhard Jansen sitt foredrag om busettingssoga i Setesdal.

Yngre steinalder vert rekna frå 3500 til 1800 f.Kr. Rundt Straumsfjorden på Austeheia var det for 30 år sidan omfattande arkeologiske undersøkingar. Feltarbeidet vart leia mellom anna av Jan Henning Larsen og Per Oscar Nybruget, og Perry Rolfsen skriv i forordet i rapporten frå 1981: ”Det er få vann i Sør-Norge det er funnet så mange fornminner som ved denne fjorden. Bakgrunnen for de mange fornminnene må være rike ressurser på vilt, fisk og myrmalm.”

Seinare har det også vorte utført ei pollenanalyse frå ei myr ved Straumsfjorden, som viser at det gjekk husdyr og beitte der 2600 år f. Kr. Så desse folka hadde også eit anna levegrunnlag. Det einaste vi har å jamføre med er analyser frå Breive heilt opp mot høgfjellet, som viser at husdyrhaldet der kan daterast til 2800 f.Kr. Då dyrka dei og bygg på Breive. Eit samanhangande jordbruk må vi likevel fram til kring 1500 f.Kr. for å finne, og frå ca. 500 e. Kr. tek korndyrkinga seg kraftig opp.

Jordbruket i yngre steinalder har truleg vorte drive på nomadisk vis, med svedjebruk – dvs. brenne skogen og dyrke korn der 2-3 år, for så å flytje seg til ein annan stad. På same vis har husdyra vorte drivne frå beite til beite. At det er kontinuitet i korndyrkinga frå eldre bronsealder passar for så vidt inn i skjemaet når det no er registrert bronsealdertufter på Moi. Men det må understrekast at det er all grunn til å tru at busetjinga først kom nede i dalane, på dei store flatene i Bygland og Valle som berre ligg 2-300 m over havet (som for eksempel Moi). Perry Rolfsen si utgraving av ei tuft på Skarg i Nordbygdi i Bykle daterer busetjinga der til kring 400 e.Kr. Heller ikkje Skarg kan reknast som eit førsteval for fast busetnad. Men det er undersøkingar som tyder på at folk alt så tidleg var bufaste også på heiane. I Finndalen i Valle var det utgravingar i 1940-åra. Der synte det seg at den faste gardsbusetnaden kan daterast til folkevandringstida (400-600 e. Kr.).

Så vi får vel berre slutte oss til konklusjonen til ein kar som sat og skreiv om Setesdal tidleg på 1700-talet, om at at dalen nok var ”opfunden og opdyrket noget efter Syndfloden, dog før Christi Tid”.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *