Busettingssoga i Setesdal 6

Share

Vi held fram med busettingssoga i Setesdal. I dette avsnittet kjem Leonhard Jansen inn på handel i gamal tid.

Difor meiner eg at eit utgangspunkt for drøftingar omkring Setesdal si forhistorie liksåvel kan gjerast i ljos av kunnskap ein har om liv og levemåte vestafor. Det er ting som kan tyde på at Valle kan ha vore eit knutepunkt for ferdsla mellom austland og vestland. Nemninga Bispevegen på vegen mellom Setesdal og Fyresdal er vel ein indikasjon på at dette har vore ein vanleg nytta veg for stavangerbiskopen og hans menn. Ein embetsveg, men også ein veg som kan ha vore sentral for handel mellom aust og vest. Det er då også omstende som kan tyde på at det i vikingtida har gått føre seg ein utstrekt handel også i Setesdal. Ei grunngjeving for slike tankar legg Jan Henning Larsen fram i ein artikkel han kallar Vikingtids handelsplass i Valle, Setesdal frå 1980.

Valle er også i dag ein stad der veger møttest, og ein urimeleg stor del av gravfunna frå yngre jernalder i Aust-Agder er gjorde her. Det som slår ein er at ein her finn uvanleg mykje importerte gjenstandar, så mykje at det ikkje er mogeleg å samanlikne med andre delar av Aust-Agder. (Og som eg var inne på ovanfor, kanskje er ikkje det heilt rett å gjere det heller!) Vidare ei uvanleg stor mengde med vektlodd og perlar, gjenstandar arkeologane er samde om at helst vart nytta til å vege gull og sylv med i samband med handel.

Konklusjonen til Jan Henning Larsen er at ein i vikingtida har hatt ein eller fleire marknadsplassar, og at dei må ha lege i nærleiken av Valle kyrkje, eventuelt nær Hylestad kyrkje. Området låg sentralt langs gamle ferdslevegar, og utmarksnæringane gav eit overskot som laut seljast.

At slik handel ikkje berre er tenkt, vert mellom anna underbygd av ei nedteikning frå om lag år 1700. Der heiter det ”En Miil fra Bykle staaer en gammel Boe kaldet Koup-mands Bua, der synes Nordmændene, og Sæterbyggerne at have mødt hvert Aar med sine Warer at sælge. Nordmændene med Salt, Heste, Klæder, Lærret, Fisk og andet saadant, Sæterbyggerne med Bueskap, Huder og Skind”.

Kaupmannsbui ligg i Støyledalen i Nordbygdi i Bykle.

Handelen det vert fortalt om, var tydelegvis slutt den tid kjelda vår sette seg ned med fjørpenn og blekk. Han nemner heller ikkje det som hadde vore usedvanleg spennande å høyre noko om – handel med jern. Jernvinna må ha hatt avgjerande betydning for setesdølane sin eksistens frå vikingtid til høgmellomalder. Utan ei inntekt som gav grunnlag for kjøp av nødvendige matvarer, er det vanskeleg å tenkje seg at busetnaden kunne breie seg slik den gjorde. At det var samanhengar går mellom anna fram av eit funn av ei vikingtidsgrav frå Straumsfjorden like ved Skjoldmøyfjellet. Grava inneheldt kniv, fil og sigd av jern. I same området er det tolv jernvinneanlegg. Ein kan difor med god grunn rekne at den gravlagde har hatt gard i nærleiken (på ein av støylane), og produsert jern for sal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *