Busettingssoga i Setesdal 7

Share

Leonhard Jansen sitt foredrag går mot slutten. Her fortel han om utvinning og smiing av jern.

”Dei smida av myrjarn. Dei saud det sjave av surte. Mann og kone saud eit halvt bismarpund” (2,5-3 kg) ”til dagen. Til heile året saud dei på ei vike. Her visar verone etter dei i lidene. Der er store holor, og innmed er surtedike allstødt”. Slik står det i “Gamalt or Sætesdal”, enkelt og greitt. Vi får inntrykk av at det er tale om ei onn, ei vekes arbeid, og at det var berre til eige forbruk. soppa

Den kunnskapen vi har om jernvinna i Setesdal, tek utgangspunkt i registreringane i Hovdenområdet for 30 år sidan. Omfanget er så stort at det er vanskeleg å tenkje seg den organiseringa som må ha lege bak. Enorme mengder jern har vorte produsert og frakta til marknaden. I åra som er gått har det og vorte klart at Hovden i seg sjølv ikkje er eineståande, men at verksemda har gått føre seg i stort omfang på båe sider av heia langt sørover i dalføret. Registreringar tilsvarande dei på Hovden, er det ingen andre stader. Men det er heller ikkje leita eller vore utgravingar som kan samanliknast. Jernvinna på Hovden er datert til ein periode frå ca. 800 – 1450, med 1200-talet som glansperiode. Ei utgraving Perry Rolfsen stod for på Straume, dvs. heilt nede i dalbotnen, er datert til romersk jernalder, noko som kan tyde på at jernvinna sin historie i Setesdal kan skuvast endå nokre hundreår tilbake.

Restar etter jernutvinninga er vanlegast å finne på heiane. Men kolgroper er det også mykje av nede i dalbotnen. Eg har stilt meg spørsmålet: Kvifor er det brent så mange kolgroper nede i dalbotnen når jernet vart vunne ut på heiane? Eg vil også prøve å gi eit svar.

Levegrunnlaget for setesdølane var samansett. Det var heller ikkje likeins for dei som budde i sidedalane og på heia, som for dei som budde nede i dalbotnen. Fjellbonden produserte eit overskot av jern og skinn, kan hende au kjøt og fisk. Bonden nede i dalbotnen dreiv i tillegg til korndyrking og husdyrhald, også med handverk – underforstått smedeyrket – og handel. Kor vidfemnande handelssambandet var, er uråd seie, men avstandane er ikkje større enn at utmarksbonden på Hovden godt kan ha selt varene sine til smedar lenger nede i dalen.

Jernet vart der smia til barrar, som var ei handelsvare. Til utsmiingi trongst mykje kol, så dersom ein kan tenkje seg at råjernet vart frakta nedetter dalen for å smiast til jernbarrar, altså handelsvara, har vi ei forklåring på kvifor det er så mange kolgroper også nede i dalbotnen. Dei ferdige varene kunne seljast på marknaden i Valle eller andre stader m.a. i byte for korn.

I denne samanhengen må vi au nemne Hylestadportalen. I alt seks motiv er utskorne på portalen, og av desse er to lagde til ei smie. Var det fordi dølane kjende spesielt godt til dette handverket? Depotfunnet frå Helle, som ein tenkjer kan ha vore varelageret til ein smed, peikar i same lei: Smiing – med jern og sølv – var og er eit viktig handverk i dalen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *