Frisknar til att

Share

No er rekonvalesensperioden min over, så måndag er eg tilbake på skulen og tysdag vert det radio att. Då startar eg mine tysdagssendingar og vonar at det vil gå greitt å kome i gang att. Niklos er i alle fall klar med eit program om Mendelssohn, det er 200 år sidan han vart fødd i år.

Sjølv har eg vore på Ålgård og feira mor sin 92-årsdag denne helga, og det var ein fin tur. Då vi drog vestover fredagskvelden køyrde vi mot ein kø som var større enn påskerally på riksveg 9, som Åsmund Åmli syng om. Det verka som om heile Stavanger skulle til Sørlandet denne helga, mon nokre skulle kanskje til Seljord på Dyrskue, for alt det eg veit.

Det er alltid hyggeleg å treffe familie i Rogaland, og når mor har ope hus, kjem alle som kan. Så pratast me og gleder oss over vennskap og over å få vere saman. Mor delte eit bibelord med oss denne kvelden: Einast i håp til Gud er mi sjel stille, frå Salme 62. Og ho nyttar den gamle nynorsk-omsetjinga av Bibelen – Seippel sin nynorsk er klangfull og vakker å høyre.

Denne gongen overnatta vi hjå syster mi på Varhaug, og etter å ha prata om mangt og mykje, fekk eg og smette inn noko om wikipedia, og då måtte vi finne ein PC og sjå litt på korleis det fungerer. Ho og mannen har vore misjonærar i Bangladesh, så vi leita litt etter stoff om deira andre fedreland, utan å finne så mykje på norsk, så her er det ei oppgåve å ta fatt på. Om Gaute finn noko stoff, så kan det vel tenkjast at eg kan leggje inn noko. I så fall skal eg skrive om det på bloggen.

Men kyrkja på Varhaug er frå 1904 og har ei altertavle frå 1609, så Gaute kom med ei brosjyre som dei hadde laga i år i samband med jubileet. Det gav meg høve til å utvide artikkelen om denne kyrkja på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Varhaug_kirke

Og kanskje må eg skrive litt om inventaret i kyrkja etter kvart.

Ferda heimover til Mandal laurdag ettermiddag vart mykje rolegare enn turen vestover fredagskvelden. Så vi kom heim i god form og gleder oss til å stemme måndag, så startar eg turen til Valle. I år skal eg ha undervisning på måndagskveldane, slik at vi kan ha eit tilbod til folk som jobbar, men som vil lære litt norsk. Mange har ynskt å få eit slikt tilbod, og då har eg funne ut at det høver godt å gje det måndagskvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *