Lovar godt for Setesdal og Valle

Share

Dei fire som skal representere Aust-Agder på Stortinget komande periode hadde alle god kjennskap til Setesdal og Valle. Freddy de Ruiter og Svein Harberg er begge opptekne av folkehøgskulen som vert planlagt i Valle og vonar at den kjem på plass med pengestøtte no snart.

Dette kom fram i samtalen eg hadde med dei fire i timen mellom klokka 20 og 21 i Valle Radio onsdag 23. september. Eg hadde lagt opp til ein prat på om lag 10 minutt med kvar, og så hadde eg eit musikkinnslag mellom kvar samtale.

Alle hadde ønske om å kome i stortingskomiteen for transport og samferdsle. Og alle var tydelege på at dei vil jobbe for Riksveg 9. Når ein lokalt, gjennom å legge inn konsesjonsinntekter i prosjektet, finansierer så mykje, er Staten nærast nøydd til å leggje resten av pengane på bordet, vart det sagt.

Alle hadde god kjennskap til Setesdal og Valle:

Kjell Ingolf Robstad er jo frå Evje, så han er setesdøl.

Men Svein Harberg har hytte på Hallbjønnsekken og køyrer mykje opp gjennom dalen for å kome på hytta. Han har og stått på stand ved sida av Ørnulf Hasla i 25 år, så dei kjende kvarandre godt.

Ingebjørg Godskesen har ei datter som har gått på Valle VGS, og det året ho gjekk der, var ho ofte på besøk i Valle. Ho fortalde og at dei treng fem medlemmer for å starte lokallag for Framstegspartiet i Valle, og no har dei fire, så lokallag kjem nok på plass med det første. Partiet var nest størst i Valle, bare Arbeiderpartiet var større ved dette valet.

Freddy de Ruiter har ein sambuar med røter til og familie i Valle, så han trudde nok at det kom til å bli meir kontakt til Valle, ikkje minst ettersom dei skal gifte seg i april neste år.

I programmet fortalde dei om sin bakgrunn og saker dei er opptekne av og vi fekk høve til å verte litt betre kjent med dei. Slik sett var det ein nyttig time i Valle Radio.

2 tankar om “Lovar godt for Setesdal og Valle”

  1. Dette VAR uhyre viktig programinnslag. Det skal vi nok få merke, vonar eg. Det var ei bragd av deg, Harald!
    Det er dei gode nyhenda vi må satse på.
    Kritikk og sure oppstøt har vi nok av.
    Hald fram som du stemner…..
    Breitt smil
    Ånund K

  2. Takk for kommentaren. Eg opplevde det som interessant å få verte litt meir kjent med dei som skal representere Aust-Agder på Stortinget dei neste fire åra og vonar at dei vert godt synlege i Setesdal, på Sørlandet og i Oslo.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *