Omkøyring og mindre handel

Share

I Setesdølen var det for ei tid tilbake eit oppslag om at stenging av brua over Otra førte til mindre handel for butikkane på Verksmoen. Det kan eg skjøne, for det raude lyset ved bruka over elva i Evje sentrum gjer det ikkje så lysteleg å dra sørover til bensinstasjonen eller andre butikkar om ein ikkje plent må.

Då eg kom oppover fyrste gongen etter at dei hadde stengt, var eg kaffityrst og trong ein stopp, så eg svinga sørover til Hydro/Texaco for å få ein pause. Men så langt eg kunne lese trafikkbiletet, ville eg måtte stå i kø for det raude lyset om eg ikkje skulle over brua, men bare halde fram oppover langs Rigksveg 9, så eg svinga inn til Evje sentrum. Men ettersom eg ikkje hadde noko å gjere der, vart det til at eg bare køyrde gjennom gata der og så ut på Riksveg 9 att i Arendalskrysset.

Etter det har eg vald å køyre over til Senum på Byglandsfjord og så ta vegen på vestsida av Otra til Krossen og vidare nedover. Eg veit ikkje om eg sparer særleg mykje tid, det er grusveg på vestsida av Otra, men eg kan halde jamn flyt og slepp å risikere ein lang stopp i kø ved det raude ljoset. Så får det våge seg at eg ikkje får den kaffikoppen som var fast grunn til å stoppe på Verksmoen tidlegare. Og i og med at eg ikkje stoppar i det heile på Evje, så går turen mellom Valle og Mandal mest utan stopp, så får det våge seg at eg er stiv og støl (som det heiter i sangen) når eg kjem fram.

Men sjeldan har vel folk i dei indre bygder og trafikantar på Riksveg 9 sett meir fram til jola enn i år, det blir sagt at brua skal opnast att 24. desember, og det blir jo ei drusteleg jolegåve å sleppe å køyre på vestsida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *