Bloggen gav avisoppslag 2

Share

Innlegget eg skreiv på bloggen etter møtet i Valle kyrkje onsdagskvelden brukte Johs. Bjørkeli som grunnlag for å skrive i Fædrelandsvennen i dag om saka. Han viste til Valle radio si heimeside, og for tida er det nok bloggen min som er heimesida til Valle Radio, heimesida på valleradio.com har bare lenke til streaminga av sendingane. Vi arbeider sterkt med å få ein betre situasjon, og vonar at det vil vere på plass ei heimeside snart.

I Setesdølen i går var det omtale av møtet, og Ole Birger Lien hadde og fleire bilete frå kyrkja. Mellom folka i kyrkja kunne vi sjå nokre av dei burmesiske flyktningane som bur i Valle. Dei saknar og presten vår, men språket deira er ikkje så godt at dei fekk med seg alt som vart sagt i kyrkja. Då eg spurde om dei hadde forstått det som vart snakka om i kyrkja, smilte den eine av dei til meg og sa:

-Biskopen sa: Jesus sier: Kom til meg alle som har tungt å bære.

Og det var tema for andakten denne kvelden, ein andakt til ettertanke og der biskopen streka under at vi alle kan ha ting som er tunge å bere på, men at Jesu ord om at han vil gå med oss gjeld også i slike dagar.

Av og til kan det vere godt å stoppe opp for det enkle evangeliet, det er jo det som held kyrkja saman og byggjer opp kyrkjelyden. Og dei karenske folka frå Burma som har sete i flyktningeleir i Thailand minner oss om det. Dei er ein del av den verdsvide kyrkja som har ei heilt annleis soge enn kyrkjelyden i Valle, men anten dei er her eller i aust, held dei seg oppe ved evangeliet.

Utanom det vanlege

Share

Kommunestyremøtet denne veka var noko utanom det vanlege. Eg hadde sendt melding til Setesdølen om at det skulle vere overføring onsdagskvelden klokka 18 som vanleg, utan å leggje merke til at møtet alt starta klokka 13.

Det vi då gjorde, var å ta sendinga opp, og så sende reprise klokka 18, slik at folk skulle få onsdagssending på vanleg måte. Og sending vart det, men spørsmål og sakshandsaming. Noko av resultatet kunne ein lese i Setesdølen i dag, fredag, der dei hadde bilete av kommunestyrerepresentantar som feira folkehøgskule med blautkake.

I møtet var det etter kvart semje om at ein kunne gå for å redusere talet på stillingar i kommunen med 10, noko som skulle skje ved naturleg avgang. Ein meinte at dette burde vere mogleg, sjølv om det hadde vore ønskeleg å gå lenger, for då hadde handlefridomen blitt større.

Etter kvart må nok folkehøgskuledraumen materialiserast med meir enn blautkake, to millionar frå statsbudsjettet er ikkje nok til å dekke alt det kostar å kome i gang. Så kommunestyret har nok av utfordringar å løyse før skulen er på plass.

At Valle Radio snudde seg rundt og fekk formidla sendinga både klokka 13 og klokka 18, ser eg på som godt og fleksibelt. Honnør til dei som fekk til det.

Prestesaka i Valle

Share

I går var biskop Olav Skjevesland i Valle for å snakke om prestesaka. Han hadde med seg prost Bernt Olav Jensen og personalleiar Torbjørn Køhn på bispekontoret. Dei hadde møte med kommuneleiing, stab, sokneråda i Valle og Bykle og til slutt var det kyrkjelydsmøte i Valle kyrkje.

Mange undrar seg over denne saka, og 70-80 personar hadde funne vegen til kyrkja. Det vart kalla gudsteneste i annonsen, men det var ikkje ei vanleg gudsteneste, for etter eit preludium ønskte Skjevesland oss velkomne og sa at kvelden var delt i to deler. Først ville ein ha eit møte med informasjon og samtale, og så ville han ha ei liturgisk avslutning.

Informasjonen var ikkje så veldig omfattande, for dei hadde lite å fortelje. Saka er visst nok sendt over til statsadvokaten for tredje gong, han skal vurdere om det skal takast ut tiltale. Arne Skare er sjukemeld og bur på Austlandet, der borna har begynt på skule og familien prøver å leve eit normalt liv og han har ofte kontakt med bispekontoret. Det beste hadde vore om politiet fann kven som stod bak truslane, då kunne han verte fri for mistanke. Men om dei ikkje gjer det, vonar Arne at det vert sak, slik at han kan verte reinvaska. Om saka vert lagd bort “på grunn av bevisets stilling” som det heiter, så er ikkje det noka god sak, for då vil mistanken henge over han.

Elles orienterte biskopen om at Øyvind Vognild er vikarprest og kan halde fram med det ei stund framover. Han har søkt på stillinga i Bygland som er ledig no, men til han eventuelt får den, vil han kunne vere vikar i Valle. Dermed vil basisfunksjonane dekkast, men det er ikkje råd å få gjort noko ut over dei når ein ikkje har faste folk i stillingen. Men gudstenester, gravferder og konfirmantarbeidet er dekka.

Med det munna møtet ut. Det var nokre spørsmål frå kyrkjelyden til biskopen, og han svara på dei så godt han kunne. Etterpå var det kaffe og rundstykke til alle som stoppa igjen.

Frå Valle Radio var Ørnulf Hasla i kyrkja og tok opp, så møtet vert sendt i onsdagssendinga i neste veke. Då får vi og høyre eit opptak han gjorde med soknerådsmedlemmer om Vegen vidare.

Nytt frå kyrkje- og kristenliv

Share

Dette er namnet på ein programpost eg har hatt på tysdagskveldane ei tid. Etter at Norea-magasinet ikkje lenger var ei halvtimes CD-plate som låg i postkassen kvar veke, måtte eg leggje om den typen program, og no går eg på Norea si heimeside og ser om dei har lagt ut noko stoff. Deretter går eg til Nytt Liv Media i Stavanger og til Gnisten i Bergen. Det er som regel dei kristne nærradioane eg kan finne noko hos. Så lastar eg ned filene og nyttar dei i staden for Noreamagasinet.

Det er som regel Nytt Liv Media i Stavanger som har det meste stoffet av aktuelt frå kyrkje- og kristenliv. Dermed vert det litt meir Rogalandssentrert enn det kanskje elles ville vore, men eg er frå Rogaland, så eg likar det. Og så synest eg det er bra at ikkje all informasjon skal ha Oslo-dialekt.

I går hadde eg eit innslag om at Tryggheim skular, vidaregåande skule på Nærbø, tidlegare folkehøgskule, er 90 år. Det var Inge Kallestad som hadde hatt ein prat med rektor Gjermund Viste, og han kunne fortelje at det var stor skilnad på situasjonen no og då dei starta opp. Då budde dei 56 elevane rundt på gardar og hyblar i nærleiken. No bur 180 av dei 575 elevane på internat, men mange bur og heime rundt om i Hå kommune. I tillegg til å vere vidaregåande skule, er skulen no og grunnskule. 133 av elevane går på denne kristne grunnskulen, den fyrste av det slaget i Misjonssambandet si eige. Vi fekk og høyre at det var den kjende emissæren Sven Foldøen som var drivkrafta bak oppstarten av skulen, at skulen kanskje hadde hamna på Ganddal, men at ei gåve på 10 mål jord førte til at han hamna på Nærbø.

Du kan høyre intervjuet på Nytt liv media sine heimesider. Det er i to deler og du finn dei om du trykkjer på denne lenka:
http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=821

Guds konto

Share

Guds konto er 2913.10.17063

Slik stod det i Fædrelandsvennen del 2 laurdag 17. oktober side 4. Det var journalist Arild Jakobsen som skreiv artikkelen om Magne Guldbrandsen frå Hånes. Her fortel han om eit hjelpearbeid som ikkje får dei store overskrifter og ikkje er så veldig i vinden, som kan hjelpe nokre til å kome ut av rusen sitt helvete og finne ny kurs i livet.

Magne vart sjølv dregen opp av rennesteinen. 13. september 1989 var det nokon som drog han opp av veikanten, og no har han vore frelst i 20 år. I Donetsk i Ukraina trefte han kona si, Olga, og dei står saman om å hjlepe folk som er fanga av rus. Saman med organisasjonen Teen Challenge har han oppretta Bertines House, der det i dag bur seks mødre og ni barn. For å drive senteret tek dei ut pengar av Guds konto, og det er den som er henvist til som overskrift i artikkelen både i Fædrelandsvennen og på bloggen. Det var eit synspunkt denne laurdagen i Fædrelandsvennen som var informativt og utfordrande, så pass at i kveld les eg heile artikkelen i Valle Radio klokka 18. Du kan lese den her: http://www.fvn.no/mening/debatt/article710842.ece

Og ettersom di sit ved datamaskinen, kan du gå til nettbanken i same slengen og fylle på litt i Guds konto.

Program for veke 44 2009

Share

Tysdag 27. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Gospelkveld
19:30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland spelar musikk av Herbert Howells
21:00 Kyrkjebakken.

Onsdag 28. oktober

Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Kommunestyremøte

Høyr på internett: http://www.valleradio.com

Elevbedrifter

Share

År om anna etablerast det elevbedrifter på skulane i Valle, og onsdag var fire jenter frå elevbedrifta 4747 UB i studio og prata med Ronny. Dei hadde rett og slett kalla opp elevbedrifta etter postnummeret, men så kunne dei opplyse at sylv har atomnummer 47, noko som ikkje gjorde det mindre naturleg å nytte namnet. For denne ungdomsbedrifta (UB) spring ut av sylvsmedlinja på Valle vidaregåande skule, og då seier det seg sjølv at det er arbeid relatert til sylvproduksjon dei syslar med.

Elevbedrift, anten det er ungdomsskulen eller vidaregåande skule har blitt ein viktig del av satsinga på å knytte saman skule og næringsliv. Gjennom å drive ei elevbedrift, skal elevane få meir relevant forståing av næringsliv og arbeidsliv. Her er ei lenke til å forstå dette betre: http://fuv.hivolda.no/prosjekt/bilsbfr/index.htm

Ungt entreprenørskap er også ein del av dette. Det er ein organisasjon som er etablert av Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Utdannings- og forskningsdepartementet, Innovasjon Norge, Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Næringslivets Hovedorganisasjon, Sparebankforeningen i Norge, Brønnøysundregistrene og Skattedirektoratet, altså noko av det tyngste ein kan finne i denne samanhengen. Sjå: http://no.wikipedia.org/wiki/Ungt_Entrepren%C3%B8rskap

Litt aktuell onsdagstime

Share

Setesdal folkehøgskule
Sjølv om det var gått litt tid sidan meldinga om tilskot til Setesdal folkehøgskule kom, var det hyggeleg å høyre ei engasjert Lene Dyrkorn i Valle Radio i går kveld i samtale med Ronny Stavsholt. Lene har vore prosjektleiar i tre år for prosjektet, men har no permisjon for å ta mastergrad. Frå nyttår vil ho vere tilbake i Valle for å jobbe fram mot etableringa av skulen.

To millionar kroner er vel neppe nok til å drive skulen, fylke og kommune må nok finne plass på sine budsjett for å få det heile til å gå. Etter loven skal fylket betale ein sjettedel av dei godkjende utgiftene, resten må skulen få inn sjølv, eller så må eigaren inn med pengar.

Lene fortalde at dei tek sikte på 40 elevar på tre linjer: Trial, motocross og snøscooter. Ein samarbeider med Norsk motorsportforbund, som er paraplyorganisasjon for alle motorbaserte sportsgreiner. Og Olav Hovet er visepresident i Norsk Snøscooterforbund, så kontakten til organisasjonen er god. Dei kjem til å hjelpe med å rekruttere elevar og Lene trudde det ville gå greitt, det er godt med eit tilbod om skule til dei som lærer frå hendene og opp ikkje bare til dei som lærer frå hovudet og ned, som ho sa. Til no har motorsportsforbundet hatt tre plasser på toppidrottsgymnas. Med tanke på at ein har over 40.000 medlemmer er jo det litt lite, så 40 plassar på folkehøgskule er kjærkome. Ein annan føremun er at dei som går her vil få tilbod om å ta utdanning slik at dei kan vere instruktørar på klubbnivå. Alle må ha lisens for å gå på denne linja. Og internatet kjem i bruk att, det vert truleg ganske fullt.

Cafe Esso
Ronny hadde leita fram nokre damer som gjerne vil møtast på kafe i Valle og som meiner at Esso-stasjonen sitt nye tilbod kan vere ei fin stad å møtast. Sissel Åkre snakka om Cafe IntermEsso, det har og vore tale om Cafe ExprEsso, og på telefonen frå Kristiansand inviterte ho til å møtast fredag klokka 17:30.

Sissel fabulerte om porselenskoppar, kaffelatte, cappucino, småmat, bruk av PC, kanskje biblioteket kunne setje ut nokre av bøkene og dei av brukarane som hadde nokre glansa magasin, kunne leggje dei ned når dei sjølve hadde lese dei.

Ideen kom då dei var saman med humorbonden i Kulturveka 2009 og fabulerte litt etter det strålande foredraget han heldt. Ein må stø opp om dei som driv, elles driv dei ikkje så lenge, meinte ho.

Med det munna timen ut. Men ikkje før han hadde annonsert at dei som trong brøyting til vinteren kunne ta kontakt med Olav Jan Tveiten eller Knut Olav Tveiten. Så spelte han noko kald musikk som illustrerte at vinteren nærmar seg.

Og dermed var det klart for Tankar frå Bibelen med Håvard Viki.

Onsdag 21. oktober 2009

Share

Ansvarleg : Ronny Stavsholt
Tekniker : Marcel Tiedje
Tlf.vakter : Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Helle Haugen

18.00 : Aktuell time.
Tlf til Lene Dyrkorn: etablering av folkehøgskule med fokus på motorsport
Tlf til Sissel Åkre: X-presso, fredagskaffi på Esso
19.00 :Tankar frå Bibelen m/Håvard Viki
19.30 : Kommunen informerer m/Kari Thorbjørnsen
20.00 : Ronny i samtale med jentene i elevbedriften 47 47 UB
21.00 : Opi sending m/Henri Tore Viki

Kjempemoro dersom du deltek med rebusløysing,helsingar eller ynskjeplater. tlf : 37937577 mail : post@valleradio.com

HØYR: http://www.facebook.com/l/3546c;
http://www.valleradio.com/

GOD FORNØYELSE!
——————–
Denne kom som epost til medlemmene av gruppa Valle Radio på facebook.

Ikkje påskerally, nei

Share

Å køyre forbi Evje i desse dagar er jo ikkje akkurat noko påskerally når ein kjem frå sør. Ein kjem til brua sør for Evje, så må ein ut på ein tur på vestsida av Otra, der er vegen smal og trafikken stor. Samstundes er det mykje å sjå på utanfor vegen, Fennefossen er vakker om han er aldri så liten, og nett no er det så lite vatn at ein kunne kome eit stykke ut i åna på låge sko.

Og så er det interessant å sjå Evje frå vestsdia, det er ikkje ofte ein har høve til det, men ein må jo halde eit auge med trafikken, for det kjem ofte 10 bilar i slengen, naturleg nok ettersom dei har stått i kø på Evje for å kome over brua. Då vert det klumpevis trafikk. Så er det laga ein trafikkdump ved Krossen, og sjeldan kan ein køyre rett over brua, altså ha grønt lys når ein kjem til brua. Eg har nokre gonger teke turen på vestsida heilt til Byglandsfjord, då slepp eg trafikkdumpane mellom rundkøyringa og Breidablikk. Og så får ein jo sjå ei ny side av Setesdal.

Men om ein vel å ta turen innom Evje, så er det naturleg å svinge sørover mot HydroTexaco og få ein tissepause og ein kopp kaffe før ein held fram oppover dalen. Tilbake på Riksveg 9 kjem ein til lyskrysset ein gong til, så eg har helst svingt inn i sentrum for å sleppe å stå i kø. Men då er det fort at ein finn ut at ein skal stoppe litt på ein av butikkane i sentrum, og då går både køtida og ein halvtime fort. Plutseleg har ein brukt ein time på Evje. Sjølv om mange klager over det nye trafikkmønsteret, er det nok og nokre som brukar meir tid der enn før. Då var det så greitt, bare ein kort stopp på Verskmoen, så gjekk turen sør eller nord og butikkane på Evje var for andre enn meg.

Det fine med Riksveg 9 er dei mange plassene ein kan stoppe og ta ein høneblund. Syrtveit, Grendi, Fånefjell, rasteplassen sør for Bygland, Storstraumen, Reiårsfossen, Hekni. Om ein tek 15 minutt på kvar av desse, er ein jo heilt utsoven når ein kjem til Valle. Så eg nøyer meg med ein kvar gong, men eg har prøvd mange etter kvart. Fint når det er blitt kultur for å stoppe når augo vert tunge, eg las i avisa at ein lett køyrer 8-10 meter på ein sekund-dupp, og då kan det fort gå gale. Litt mat, så ein ikkje får lågt blodsukker, eit sete som ein kan vippe ned, og smått om senn er ein framme og klar for ei ny økt i Valle.