Ordførarar i Valle Radio

Share

Det kan sjå ut til at valgkampen startar tidleg i år, for Ole Birger Lien har lukkast i å få alle ordførarane i Setesdal til å kome i Valle Radio og diskutere aktuelle saker i regionen. I sendinga i morgon får vi høyre resultatet, kjenner eg Ole Birger rett, snur han ikkje bare smørsida til i samtalen.

Sjølv synest eg det er vanskeleg å vere revolvarintervjuar i Valle Radio. Eg meiner vel og at vi ikkje skal vere det, vår rolle er meir å peike på gode ting enn å avdekke snusk og fanteri og andre ting som folk kan stillast til veggs for. Dermed vert kanskje programma litt for hyggelege, kanskje hadde fleire høyrt på oss om dei visste at det kom ein saftig skandale.

Eg veit ikkje om det kjem til syne skandalar og problemer i sendinga i morgon klokka 20. Truleg vil det nok kome fram at dei ikkje er like samde om prioriteringane når det gjeld Riksveg 9. Alle er samde om at den skal prioriterast, men Valleordføraren vil ha anleggsarbeid mellom Sandnes og Harstadberg medan Byglandsordføraren vil at arbeidet skal halde fram i Bygland når dei er ferdige med utvidinga mellom Tveit og Langeid. Øverst i dalen sit Bykleordføraren og meiner at no får dei fikse dårlege parsellar i hans kommune, det er vel bare Evjeordføraren som ikkje har sterke meiningar i denne saka, men så er jo vegane i Evje rimeleg gode, i alle fall sørover til Kristiansand. Han kunne nok heller tenkt seg å få fiksa litt på Arendalsvegen.

Om dei har andre saker å stridast om. Den som høyrer på Valle Radio, får vite det.