Kulturveka er ein suksess

Share

Malmfrid Nyborg Homme, leiar i Valle Folkeakademi, var enig med meg i kveld om at Kulturveka 2009 har vore ein suksess, med unntak av veret Sauesjådagen, men det er jo bare til å le av. Aldri har det vore eit så omfattande program på den dagen, og aldri har veret vore så ille heller.

Men Malmfrid var svært imponert av at 25 personar kom på spitekafe tysdagskvelden for å lære kontstrikking. Sjølv hadde ho funne ut at det ikkje var noko for henne og gått tidleg. Ho var ikkje mindre imponert av at mellom 50 og 60 kom på filosofikafe på Sylvgarden mandagskvelden, der temaet var forsoning. – Dette var forresten og temaet Bjørgulv T. Berg hadde i Tankar frå Bibelen i kveld. –

Sundagskvelden var det fest for Paal-Helge Haugen, og det fekk i tillegg til strålande oppmøte, fine reportasjar både i Setesdølen og i Fædrelandsvennen. Og folkemusikkonserten i Valle kyrkje samla over 100 deltakarar.

Så i den aktuelle timen valde vi å sjå litt framover. Onsdagskvelden var humorbonden Geir Styve på Valle Motell for å fortelje og gje mot på å satse. Kor mange som kom der, kan eg ikkje rapportere om. I morgon er det Fest i Dovregubbens hall, med oppmøte på Preststøyl, eit arrangement i regi av Valle Bygdekvinnelag. Hylestad bygdekvinnelag held stev-for-dagen-kurs på Brokkestøylen laurdag og serverer soppsuppe på arrangementet.

Fredag er det konsert ved Åsmund Nordstoga, som Malmfrid meiner er så god at det heller var han som burde vore på jolekonsert-turne med Sissel Kyrkjebø, og ikkje broren Odd. Om dette arrangementet går bra, vil økonomien i Kulturveka ikkje oppleve skadelege konsekvensar, trudde ho.

Laurdag er det bedehusbasar i Oveinang, basar må ein ha i ei kulturveke. Om kvelden er det dans med Sharks på Sylvgarden, og sundag er det tid for dei spreke å vere med i Sprekleiken. Der kan ein melde seg på som enkeltperson eller i lag, og Bygdekvinnelaget hadde alt meldt på eit lag, kunne Malmfrid fortelje før ho forlet studio for å gå på humorbondeføredrag.