Kommunal informasjon

Share

I mange år har vi no hatt ein fast programpost som heiter Kommunen informerer. Etter ønske er den no flytta til klokka 19:30, den har bytta plass med Tankar frå Bibelen. Det gjev programleiaren ein pause medan Bjørgulv, Håvard eller Torleif held andakten, og det høver godt etter at ein har hatt ein hektisk time med aktuelle saker.

Men det er eit problem med den kommunale informasjonen, dersom den som er ansvarleg etter lista ikkje dukkar opp, då sit kveldens programleiar i saksa. Eg har meint at det bør dei halde greie på sjølv, så eg har sjeldan kontakta dei på førehand, Så sit eg der med sjegget i postkassa når ingen kjem.

Første onsdag i oktober 2009 tok eg ein telefon til den nye leiaren i Eigedomsavdelinga i kommunen, Kim Dahlstrøm. Han stod på lista mi som den som skulle stille frå kommunen, men det hadde han ikkje høyrt om, han hadde bare vore i jobben nokre få månader, og hadde ikkje fått med seg at det fylgde med informasjonsoppgåver gjennom Valle Radio.

Men han var sporty og vart med på telefonen, sjølv om han sat i Oslo denne kvelden. Han fortalde at dei ikkje hadde flytta til Valle enno, helst ville dei flytte til eit småbruk om dei kunne få kjøpe det, men det hadde ikkje lukkast enno. Men sonen hans hadde starta i barnehagen i Valle, og etter kvart ville heile familien kome hit. Han hadde tidlegare hatt ein jobb innan eigedomsforvaltning. Den medførte mykje reising, og siste året hadde han hatt så mange reisedagar at det hadde vore lite familieliv. Med to ungar var det ikkje så triveleg, han hadde lyst til å vere saman med dei før dei vart store, så difor hoppa han av business-karusellen og søkte på jobben i Valle.

Vi prata litt om korleis han hadde opplevd den fyrste tida. Så ønskte eg han lukke til med jobben, og dermed var den første runden i Valle Radio over for hans del.