Teknikar

Share

I går var eg teknikar att. Eg er reserveteknikar i Valle Radio, så når det ikkje høver for dei faste, spør dei meg, og ettersom eg har tysdag og onsdag disponert til Valle Radio, så vil eg ofte ha høve til å svare ja på spørsmålet.

Men då vert vekene korte, særleg i år merkar eg det, for eg har fått kveldsundervisning måndagskveldane. Det er ein føremon for meg, for då kan eg køyre oppover på dagtid måndag og ha elevane mine om kvelden. Og med tysdagskveldane og onsdagskveldane i radioen er veka over ganske så fort, det er bare torsdagskvelden som eg ikkje er bundet til noko.

Rollen som teknikar har endra seg mykje. Den fyrste tida var det kassettar frå Norea tysdagskveldane, no lastar ein programma ned over internett. Det er vel nesten bare Niklos som nyttar platespelaren vår, han har orgelmusikk på LP-plater, og det er sjarmerande å høyre opptak frå 30 år og lenger tilbake.

I lang tid var CD-platene einerådande når vi skulle velje musikk, og nokre av medarbeidarane gjorde ein stor jobb med å taste inn alle spora i musikkprogrammet, slik at vi kunne finne att musikken når vi skulle spele den. To vegger i radioen er dekte av CD-plater, mest country-musikk, men rock og pop, folkemusikk og kristen musikk kan ein og finne.

Så kom iTunes, og vi la mange av platene inn i dette programmet, då kunne ein lett finne dei på datamaskinen og så flytte dei over til eit miksebord på datamaskina og plutseleg var det på lufta. Framleis er det litt trolldom i korleis ein kan få det til.

Det siste nye er spotify, eit program der musikken ikkje ligg hos oss, men på ein stor database. Vi kan ikkje laste han ned, men vi kan spele han. Vi må abonnere på musikk til ein fast pris for kvar månad, og så kan vi spele så mykje vi vil. Det er genialt og enkelt og gjev oss på ein mykje lettare måte tilgang til svært mykje musikk. Gjennom dette programmet har eg funne Olav Werner og Kirsten Flagstad og spelt dei nokre gonger i det siste.

Onsdag før sending dukka det opp ein ny CD-spelar i studio, og før vi hadde sagt kake, var han montert og klar til bruk. Dei gamle vil vel etter kvart bli pensjonerte, den eine er alt pensjonist, og den andre kan vel fylgje same vegen når vi no fekk ny. Eg likte godt då vi hadde to som verka, for då gjekk jobben som teknikar litt smidigare når ein skulle spele to plater etter kvarandre. Men så var det å ha plass på miksebordet til styrespake, då.

Men dette vart vel i det mest tekniske laget, så eg trur eg sluttar her for i kveld.