Norske attraksjonar

Share

Ein kan ikkje anna enn beundre Linda Eide. Ho finn fram til attraksjonar som er utanfor allfarveg, til og med på havbotnen. Som oftast har dei ei soge som er morosam å høyre, eg skjønar godt at folk kosar seg med stunta hennar på laurdagskvelden.

Samstundes får vi ein kunnskap som vi ikkje hadde før, anten det gjeld runer, dialekt, grava til Keiko eller Sinsenkrysset. Alle dei emna kan ein relatere til noko aktuelt samstundes. Vi fylgde med Keiko då kvalen kom til Nordmøre, på ein sommartur køyrde vi like forbi siste kvilestaden hans, utan å stoppe for å legge stein på grava. Vallemålet har ho ettertrykkeleg synt som ein attraksjon der ho duellerte med Sigurd Brokke, og sanneleg kom ikkje Niklos K. Besteland syklande forbi då dei stod der i vegkanten.

Runer er ikkje noko ein kjem borti så ofte, dei to tyske ungdommane som rista runer for år tilbake og lurte bygdefolka, det er eit stunt nokon kvar kunne tenkt å gjere. Og Sinsenkrysset, det er vanskeleg å unngå når ein fartar rundt i Oslo i bil, eg har hatt gleda av å svinge feil der meir enn ein gong.

Slik gjer ho det nære til noko spennande og unikt, midt i sin kvardagslege framtoning. Med alle dei stunta ho gjer i vatn skjønar eg godt at treningsderessane må verte utslitne, ikkje lett å unngå ein flekk eller ei flenge under slike tilhøve.

Stå på, Linda, du gjer laurdagskveldane til attraksjonar når du er på skjermen.