Prestesaka i Valle

Share

I går var biskop Olav Skjevesland i Valle for å snakke om prestesaka. Han hadde med seg prost Bernt Olav Jensen og personalleiar Torbjørn Køhn på bispekontoret. Dei hadde møte med kommuneleiing, stab, sokneråda i Valle og Bykle og til slutt var det kyrkjelydsmøte i Valle kyrkje.

Mange undrar seg over denne saka, og 70-80 personar hadde funne vegen til kyrkja. Det vart kalla gudsteneste i annonsen, men det var ikkje ei vanleg gudsteneste, for etter eit preludium ønskte Skjevesland oss velkomne og sa at kvelden var delt i to deler. Først ville ein ha eit møte med informasjon og samtale, og så ville han ha ei liturgisk avslutning.

Informasjonen var ikkje så veldig omfattande, for dei hadde lite å fortelje. Saka er visst nok sendt over til statsadvokaten for tredje gong, han skal vurdere om det skal takast ut tiltale. Arne Skare er sjukemeld og bur på Austlandet, der borna har begynt på skule og familien prøver å leve eit normalt liv og han har ofte kontakt med bispekontoret. Det beste hadde vore om politiet fann kven som stod bak truslane, då kunne han verte fri for mistanke. Men om dei ikkje gjer det, vonar Arne at det vert sak, slik at han kan verte reinvaska. Om saka vert lagd bort “på grunn av bevisets stilling” som det heiter, så er ikkje det noka god sak, for då vil mistanken henge over han.

Elles orienterte biskopen om at Øyvind Vognild er vikarprest og kan halde fram med det ei stund framover. Han har søkt på stillinga i Bygland som er ledig no, men til han eventuelt får den, vil han kunne vere vikar i Valle. Dermed vil basisfunksjonane dekkast, men det er ikkje råd å få gjort noko ut over dei når ein ikkje har faste folk i stillingen. Men gudstenester, gravferder og konfirmantarbeidet er dekka.

Med det munna møtet ut. Det var nokre spørsmål frå kyrkjelyden til biskopen, og han svara på dei så godt han kunne. Etterpå var det kaffe og rundstykke til alle som stoppa igjen.

Frå Valle Radio var Ørnulf Hasla i kyrkja og tok opp, så møtet vert sendt i onsdagssendinga i neste veke. Då får vi og høyre eit opptak han gjorde med soknerådsmedlemmer om Vegen vidare.