Bloggen gav avisoppslag 2

Share

Innlegget eg skreiv på bloggen etter møtet i Valle kyrkje onsdagskvelden brukte Johs. Bjørkeli som grunnlag for å skrive i Fædrelandsvennen i dag om saka. Han viste til Valle radio si heimeside, og for tida er det nok bloggen min som er heimesida til Valle Radio, heimesida på valleradio.com har bare lenke til streaminga av sendingane. Vi arbeider sterkt med å få ein betre situasjon, og vonar at det vil vere på plass ei heimeside snart.

I Setesdølen i går var det omtale av møtet, og Ole Birger Lien hadde og fleire bilete frå kyrkja. Mellom folka i kyrkja kunne vi sjå nokre av dei burmesiske flyktningane som bur i Valle. Dei saknar og presten vår, men språket deira er ikkje så godt at dei fekk med seg alt som vart sagt i kyrkja. Då eg spurde om dei hadde forstått det som vart snakka om i kyrkja, smilte den eine av dei til meg og sa:

-Biskopen sa: Jesus sier: Kom til meg alle som har tungt å bære.

Og det var tema for andakten denne kvelden, ein andakt til ettertanke og der biskopen streka under at vi alle kan ha ting som er tunge å bere på, men at Jesu ord om at han vil gå med oss gjeld også i slike dagar.

Av og til kan det vere godt å stoppe opp for det enkle evangeliet, det er jo det som held kyrkja saman og byggjer opp kyrkjelyden. Og dei karenske folka frå Burma som har sete i flyktningeleir i Thailand minner oss om det. Dei er ein del av den verdsvide kyrkja som har ei heilt annleis soge enn kyrkjelyden i Valle, men anten dei er her eller i aust, held dei seg oppe ved evangeliet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *