Fillehaugen på verdensveven

Share

Annemor Sundbø sin fillehaug som har vore grunnlag for fleire bøker og talrike utstillingar, blir no lagt ut på world wide web. Sjølve grunnlaget, dei kasserte strikkeplagga, held for det meste til på Ose, men Annemor har no fotografert haugen og lagt bileta ut på flickr, nettstaden der så mange legg ut bilete. Planen hennar er å lage eit nettmuseum om Torridal Tweed og Ulldynefabrikk. Den overtok ho for 25 år sidan, men ho har kvitta seg med bygningane og teke vare på mønstra. Som alle gullgruver har det krevd slit og dugleik å få fram det verdifulle, men Annemor legg no grunnlaget ut på Internett.

Om dette vil ho fortelje i Valle Radio onsdag kveld i samtale med programleiar Harald Haugland. Programmet går frå klokka 20 til 21, då Rolf Erik kjem for å ha Open sending.

Eg las forresten i avisa laurdag at Nasjonalmuseet for kunst i Oslo var det mest besøkte museet i Norge i 2008, med 510.107 besøk, som er ein auke på 1% frå året før. På andreplass ligg Naturhistorisk museum med 490.410, ein auke på 11% Kulturhistorisk museum tok tredjeplassen med 457.861 besøk, det var ein nedgang på 9% frå året før. I alt er det om lag 10 millionar besøk på musea i Noreg. Det fekk meg til å slå opp i ABM-skrift #57 Statistikk for arkiv, bibliotek og museum 2008, som ligg som pdf-fil på internett. 138 sider med statistikk, mellom anna ei oversikt over dei hundre meste besøkte musea. Eg tenkte jo at eg skulle finne Setesdalsmuseet langt nede på lista, men det gjorde eg ikkje, så dei må ha hatt mindre enn 21.078 besøk, som er talet Nordfjord Folkemuseum hadde i 2008.

I same avisa var det ein leiarartikkel om Kristiansand Folkebibliotek, som har omkring 700.000 besøk på et år, meir enn Dyreparken, som det så talande heiter, Dyreparken er det mest besøkte turistmål i Noreg. Den som har stått i kø for å kome inn i Dyreparken skjøner at det kan vere travelt på biblioteket i byen når så mykje folk skal få god service og rett bok og rett film med seg heim.

Men no skriv eg meg ut på viddene. Ha ein god dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *