Folkehøgskole i Valle

Share

Det er gått nokre år sidan musikklinja ved Valle vidaregåande skule vart lagd ned. Då fekk kommunen nokre omstillingsmidlar som skulle bøte på skaden og etter ein del utgreiing var det ideen om folkehøskule som verka til å vere det som kunne erstatte ei slik linje. Vi hugsar kor mykje spennande som skjedde rundt skulen i den tida sangen og musikken prega tilbodet saman med sylvet, i radioen kunne vi spele eit par plater som var laga av elevar ved Valle vidaregåande skule.

Etter kvart vart det naudsynt å tilsetje ein prosjektleiar for ein folkehøgskule med vekt på motorsport, og i eit samarbeid mellom kommunen og Norges Motorsportforbund peika det seg ut ei jente frå Hobbøl i Østfold, ho hadde vore Noregsmeister i trial og kjende miljøet rundt sporten godt, ho hadde god utdanning kunne dermed tale saka i meir sentrale strok.

For det var der ein måtte jobbe for å selje ideen. Det har ikkje vore etablert ein ny folkehøgskule i Noreg tidleg på 1980-talet, og i mellomtida har mange blitt lagde ned, skulestrukturen har endra seg og rekrutteringa med den. Sjølv om det har vore mange slags liner på folkehøgskular rundt omkring, har det aldri vore ein skule med vekt på motorsport.

I dag kom meldinga om at det er løyvt to millionar kroner til oppstarten til hausten. Og er skulen inne på budsjettet, så bør det vere trygt for at han kan verte verande der. No er det kommunen som må i gang med det som må gjerast for å realisere draumen.

I slike situasjonar er det viktig å gjere som pitbullen, bite seg fast og ikkje sleppe taket. Folkehøgskule er ei spesiell skuleform, eg har vore rektor på ein slik skule i 15 år og kjenner litt til det, i alle fall slik skuleslaget var for nokre år tilbake. Ein skal vere ganske standhaftig for å få det heile opp på beina, og det er ikkje alltid så mykje som skal til før det kollapsar. Så alle gode krefter må no gå saman om å realisere skulen i Valle, med elevar frå heile landet og gode anlegg for motorsport må haldast ved like og ikkje forfalle.

Gratulerer med dagen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *