Ikkje påskerally, nei

Share

Å køyre forbi Evje i desse dagar er jo ikkje akkurat noko påskerally når ein kjem frå sør. Ein kjem til brua sør for Evje, så må ein ut på ein tur på vestsida av Otra, der er vegen smal og trafikken stor. Samstundes er det mykje å sjå på utanfor vegen, Fennefossen er vakker om han er aldri så liten, og nett no er det så lite vatn at ein kunne kome eit stykke ut i åna på låge sko.

Og så er det interessant å sjå Evje frå vestsdia, det er ikkje ofte ein har høve til det, men ein må jo halde eit auge med trafikken, for det kjem ofte 10 bilar i slengen, naturleg nok ettersom dei har stått i kø på Evje for å kome over brua. Då vert det klumpevis trafikk. Så er det laga ein trafikkdump ved Krossen, og sjeldan kan ein køyre rett over brua, altså ha grønt lys når ein kjem til brua. Eg har nokre gonger teke turen på vestsida heilt til Byglandsfjord, då slepp eg trafikkdumpane mellom rundkøyringa og Breidablikk. Og så får ein jo sjå ei ny side av Setesdal.

Men om ein vel å ta turen innom Evje, så er det naturleg å svinge sørover mot HydroTexaco og få ein tissepause og ein kopp kaffe før ein held fram oppover dalen. Tilbake på Riksveg 9 kjem ein til lyskrysset ein gong til, så eg har helst svingt inn i sentrum for å sleppe å stå i kø. Men då er det fort at ein finn ut at ein skal stoppe litt på ein av butikkane i sentrum, og då går både køtida og ein halvtime fort. Plutseleg har ein brukt ein time på Evje. Sjølv om mange klager over det nye trafikkmønsteret, er det nok og nokre som brukar meir tid der enn før. Då var det så greitt, bare ein kort stopp på Verskmoen, så gjekk turen sør eller nord og butikkane på Evje var for andre enn meg.

Det fine med Riksveg 9 er dei mange plassene ein kan stoppe og ta ein høneblund. Syrtveit, Grendi, Fånefjell, rasteplassen sør for Bygland, Storstraumen, Reiårsfossen, Hekni. Om ein tek 15 minutt på kvar av desse, er ein jo heilt utsoven når ein kjem til Valle. Så eg nøyer meg med ein kvar gong, men eg har prøvd mange etter kvart. Fint når det er blitt kultur for å stoppe når augo vert tunge, eg las i avisa at ein lett køyrer 8-10 meter på ein sekund-dupp, og då kan det fort gå gale. Litt mat, så ein ikkje får lågt blodsukker, eit sete som ein kan vippe ned, og smått om senn er ein framme og klar for ei ny økt i Valle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *