Kvitkronespurv

Share

Visste du om denne fuglen?

Det gjorde ikkje eg heller før for ei veke sidan. Då las eg ein artikkel i Dagbladet om at det var eit sensasjonelt fuglebesøk på Ona i Møre og Romsdal. Ein amerikansk fugl som aldri før var observert i Skandinavia, hadde dukka opp på øya og vore der nokre dagar.

Det fine med artikkelen i avisa var at det stod latinsk namn der, så då kunne eg søke på wikipedia og finne informasjon på engelsk om denne fuglen. Dermed var ikkje vegen lang til ein liten artikkel. Han vart mellom 1600 og 1700 bokstavar og mellomrom (bytes), eg fann til og med bilete, du kan sjå artikkelen her: http://no.wikipedia.org/wiki/Hvitkronespurv

Så gjekk det ei veke, og i dag var det bilete av fuglen på framsida av Aftenposten. “På besøk for første gang” stod det der. Dei hadde sendt ein journalist til Ona, dei og, skulle vel ikkje vere dårlegare enn Dagbladet. Dei snakka med same fuglekikkaren og laga eit oppslag som fylte det meste av side 9 i avisa i dag.

Det spesielle var likevel at dei hadde sitert det meste av det eg skreiv for ei veke sidan i den faktaartikkelen dei hadde sett opp på sida. Journalist Arnfinn Mauren hadde sjølv teke bilete av fuglekikkarane, men for biletet av fuglen måtte han bruke eit som Eirik Grønningsæter hadde teke, truleg fekk Grønningsæter eit par-tre tusenlappar for det.

Min tekst kunne dei bruke gratis. Dei har snudd litt om på setningane, men eg kjenner han att. Dei kan bruke stoff frå wikipedia gratis om dei seier kor dei tek det frå, såkalla kreditering. Eg har ei eiga evne til å ikkje få betalt for det eg held på med. Men wikipedia fekk kreditering, og no veit du kvifor.

Om du såg på NRK2 i kveld klokka 22:30 om lag, kunne du sjå eit intervju som Christian Strand hadde med Jimmy Wales, Jimbo, som dei kallar han. Det var han som starta wikipedia. Denne veka er han i Noreg for å vere med på Wikipedia Academy i Bergen frå onsdag morgon. Eg skulle helst ha vore der, eg og, men måtte melde avbod. Eg får halde meg her i dalen og heller skrive ein artikkel eller to om eg får tid til det. Eg skal jo ha radio i morgon kveld, kan ikkje vere i Bergen då.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *