Litt aktuell onsdagstime

Share

Setesdal folkehøgskule
Sjølv om det var gått litt tid sidan meldinga om tilskot til Setesdal folkehøgskule kom, var det hyggeleg å høyre ei engasjert Lene Dyrkorn i Valle Radio i går kveld i samtale med Ronny Stavsholt. Lene har vore prosjektleiar i tre år for prosjektet, men har no permisjon for å ta mastergrad. Frå nyttår vil ho vere tilbake i Valle for å jobbe fram mot etableringa av skulen.

To millionar kroner er vel neppe nok til å drive skulen, fylke og kommune må nok finne plass på sine budsjett for å få det heile til å gå. Etter loven skal fylket betale ein sjettedel av dei godkjende utgiftene, resten må skulen få inn sjølv, eller så må eigaren inn med pengar.

Lene fortalde at dei tek sikte på 40 elevar på tre linjer: Trial, motocross og snøscooter. Ein samarbeider med Norsk motorsportforbund, som er paraplyorganisasjon for alle motorbaserte sportsgreiner. Og Olav Hovet er visepresident i Norsk Snøscooterforbund, så kontakten til organisasjonen er god. Dei kjem til å hjelpe med å rekruttere elevar og Lene trudde det ville gå greitt, det er godt med eit tilbod om skule til dei som lærer frå hendene og opp ikkje bare til dei som lærer frå hovudet og ned, som ho sa. Til no har motorsportsforbundet hatt tre plasser på toppidrottsgymnas. Med tanke på at ein har over 40.000 medlemmer er jo det litt lite, så 40 plassar på folkehøgskule er kjærkome. Ein annan føremun er at dei som går her vil få tilbod om å ta utdanning slik at dei kan vere instruktørar på klubbnivå. Alle må ha lisens for å gå på denne linja. Og internatet kjem i bruk att, det vert truleg ganske fullt.

Cafe Esso
Ronny hadde leita fram nokre damer som gjerne vil møtast på kafe i Valle og som meiner at Esso-stasjonen sitt nye tilbod kan vere ei fin stad å møtast. Sissel Åkre snakka om Cafe IntermEsso, det har og vore tale om Cafe ExprEsso, og på telefonen frå Kristiansand inviterte ho til å møtast fredag klokka 17:30.

Sissel fabulerte om porselenskoppar, kaffelatte, cappucino, småmat, bruk av PC, kanskje biblioteket kunne setje ut nokre av bøkene og dei av brukarane som hadde nokre glansa magasin, kunne leggje dei ned når dei sjølve hadde lese dei.

Ideen kom då dei var saman med humorbonden i Kulturveka 2009 og fabulerte litt etter det strålande foredraget han heldt. Ein må stø opp om dei som driv, elles driv dei ikkje så lenge, meinte ho.

Med det munna timen ut. Men ikkje før han hadde annonsert at dei som trong brøyting til vinteren kunne ta kontakt med Olav Jan Tveiten eller Knut Olav Tveiten. Så spelte han noko kald musikk som illustrerte at vinteren nærmar seg.

Og dermed var det klart for Tankar frå Bibelen med Håvard Viki.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *