Runer i Byglandsfjorden?

Share

Setesdalsmuseet har fått melding om at det er runeinnskrif på Lauvdalsodden i Bygland, du veit den odden som stikk ut i fjorden like nord for Lauvdal, den skarpe svingen i vegen der. Normalt er runene ikkje tilgjengelege, for Byglandsfjorden gøymer dei. Men no i haust har det vore lite vatn i fjorden, så då har dei kome til syne, i fylgje meldingar som Setesdalsmuseet har fått.

Leonhard B. Jansen var i studio i Valle Radio onsdagskvelden og fortalde om den sensasjonelle meldinga, og vi spekulerte på om det ville vere ein like stor sensasjon som rundefunnet i Mandal, som jo var i alle kanalar sist veke. Der var runene på ein stein, her er dei på fast fjell, så dei vil neppe kunne fjernast frå Bygland kommune.

Leonhard fortalde og om det store seminaret dei hadde hatt om utgravingane på Moi i Bygland. No var rapportane ferdige, og ein kunne få dei tilsendt som vedlegg til ein epost om ein tok kontakt med museet. Her er lenke til litt informasjon om seminaret:
http://www.aa-f.kommune.no/sitepageview.aspx?articleID=10545

Det kom mange fleire folk enn dei hadde tenkt, og dei var mykje meir interesserte og kunnskapsrike enn ein hadde trudd då seminaret vart planlagt, så truleg kom det til å verte eit nytt seminar for å gå djupare inn i stoffet. Det var oldsaksamlinga i Oslo som stod for utgravinga, Setesdalsmuseet hadde ikkje noko med det å gjere, men la til rette for at ein kunne arrangere seminaret.

Han hadde med dei to rapportane, ein frå utgravinga på Bjørgum og ein frå den på Moi. Det var tjukke hefte, og om du skriv til post@setesdalsmuseet.no får du filene tilsendt som epost. Då kan du lese dei på skjermen eller skrive det ut på papir sjølv.

Når eg i morgon køyrer nedover forbi Moi, vil eg nok kaste eit ekstra blikk mot utgravinsplassen på austsida av vegen, der det i bronsealderen stod eit 50 meter langt langhus. Leonhard sa at om ein ville sjå det, kunne ein ta turen til Forsand i Ryfylke, der dei har bygd opp eit slikt hus, truleg var det nokså likt slik huset på Moi kan ha vore. Kommunikasjonen på den tida gjekk sikkert like gjerne mot vest som mot sør.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *