Sauesending og litt til

Share

Eg fann køyreplan for sauesendinga fredagskvelden då eg kom i radioen i kveld. Fyrst snakka Øyvind og Bjørgulv med Sven Reiersen om sauesjå og sauenæring. Deretter kom Sissel og Malmfrid i studio for å snakke om Kulturveka. Den starta jo på ein måte den kvelden. Siste kvarteret var Runar Granheim i studio og snakka om ein positiv offensiv som no er kome i gang i Bygland med tanke på folketal og trivsel i kommunen.

Deretter var det nye plater frå Setesdal, og då var det fyrst Benny, og deretter Sigurd og Daniel som var i elden. Sidan gjekk sendinga slag i slag. Det var sending til heile dalen, og vi fekk tilbakemelding på at dei slutta alt for tidleg, for fredagskveldane likar folk å høyre på Valle Radio lenger enn til mellom 22:30 og 23:00. Men dei slutta då, om det var for at folk skulle rekke sauedansen eller legge seg tidleg for alle arrangementa som var laurdagen, er ikkje godt å seie.

Men laurdag vakna dei opp til 10 cm snø, og på sauesjået var det glisse frametter dagen. Det var skipa til ei rekke arrangement innandørs, og dei var godt besøkte, sjølv om basaren i Menighetshuset hadde suppe att heilt til slutt, noko som ikkje har hendt på fleire år.

Sundag var det fest for Paal-Helge Haugen i Storstoga, og der var det mykje folk og gode presseoppslag i etterkant. Måndag var det filosofikafe på Sylvgarden ved Paul Leer Salvesen, og der var det 50 tilhøyrarar som fekk høyre eit foredrag om forsoning på 50 minutt, og etter ein kort pause var det høve til spørsmål og kommentarar.

I kveld var det spitekafe på Husfliden. Korleis oppmøtet var der, er eg ikkje sikker på, men så langt trur eg Kulturveka 2009 har vore eit tiltak med godt besøkte arrangement.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *