Skulestruktur

Share

Det var ein interessant debatt vi fekk i Valle Radio onsdagskvelden, og diskusjonen har nok halde fram i dagane etterpå. Ole Birger Lien inviterte Annette Bjørgum Berg og Pål Dale til å diskutere skulespørsmål. Det vart på mange måtar eit møte mellom den gamle og den nye tid, for Pål er nestor i kommunestyret med over 30 års erfaring og har sett politikarar kome og gå. Annette er inne i sin første periode og har fått store oppgåver i fanget.

Skulen i Valle har vore diskutert i mange rundar, det er vel ikkje unaturleg. Men ein må bare sjå i augo at elevtalet knapt forsvarar å halde to skular i drift, det har gått nedover med åra. Likevel er det eit drastisk steg å leggje ned Hylestad skule, ein skule er på mange måtar lim i ei grend. Og sjølv om han ligg på Nomeland og ikkje på Rysstad, som jo har blitt sentrum i Hylestad-sokna, så fungerer han slik.

Sterke krefter arbeider imidlertid for ei sentralisering, ikkje bare i det store biletet, kor folk flytter til byane, men og i det lokale, der folk flytter til kommunesenteret, og grendene får fleire og fleire hus med lite lys om vinteren. Skal ein så ta steget og flytte innhaldet i den nyrestaurerte skulen på Nomeland, med noko av det finaste uteanlegget ein skule kan ha, til Valle, så må svært mange grunnar tale for det.

Samtalen i Valle Radio onsdagskvelden gjorde greie for nokre av dei vurderingane politikarane må gjere. Pål var ikkje viljug til å stoppe utbygginga av Valle skule no, men ville halde fram etter vedteken plan. Han var kanskje noko meir på glid i spørsmålet om firedagars veke og kunne nok heller sjå føre seg at ein gjekk over til fem dagar. Skulesjef Elise Marie Kringen hadde i dag eit innlegg i Setesdølen som og gjekk for fem dagars skuleveke, det fordeler arbeidet betre for borna.

Vi får sikkert høyre meir om dette i Valle Radio utetter vinteren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *