Sprekleiken

Share

Tysdag kveld fekk eg ein telefon då eg var i radioen og hadde sendinga mi. Det var Tarald Myrum som lurte på om han kunne kome i radioen onsdagskvelden og informere om Sprekleiken. Det er arrangementet som skal avslutte Kulturveka 09. Klokka 14 sundag samlast folk på fotballbanen for å konkurrere om kven som er sterkast og sprekast. Det er ein konkurranse for både menn og kvinner, ja, det kan til og med stillast lag.

Dei skal konkurrere om å rulle høyballar, dei veg 300 kg for vaksne og noko mindre for dei andre. Så skal dei lyfte tømmerstokkar og bere sandsekker, kunne Tarald fortelje då han var i radioen onsdag og fortalde om arrangementet. Han fortalde og at den sprekaste skal få konkurrere med Olav Tufte, som kjem for å kaste glans over arrangementet. OL-vinnaren har ein del foredrag når han ikkje konkurrerar i roing, så det hadde ikkje vore råd å få han til å kome og vere med om det ikkje var så seint på året.

Om kvelden skal Tufte halde foredrag om Korleis ein kan nå måla sine, han er mykje ute og held foredrag for næringslivet, så her har ein nok ein godbit i vente.

I dag var eg innom på Husfliden og snakka med Randi Myrum. Ho kunne fortelje at det har vore vanskeleg å få kontakt med mannen den siste tida, for organisering av arrangementet har teke ganske mykje tid, og Tarald bekrefta sjølv at det hadde vore ein del å gjere for å få det heile i boks. Medan dei store høyballane kom frå ein bonde i Homme, måtte dei heilt til byen for å få ballar av ein mindre variant. Og så var det jobben med å få folk til å melde seg på. Han kunne bekrefte at dei no hadde deltakarar i arrangementet, men om nokon ville melde seg på etter at dei hadde høyrt innslaget i Valle Radio, var dei velkomne til det. Når du les dette på bloggen, er det imidlertid for seint, for innan fredag måtte dei ha påmeldingane for å kunne leggje til rette for arrangementet. Alle deltakarane skulle få medaljar, og det var premiar til dei beste.

Dette arrangementet er nytt av året, men Tarald vona at det kunne bli halde fleire år. I år var det flest lokale deltakarar, men om ein får det til eit anna år, kan det verte deltararar også frå andre stader. Opplegget liknar på det ein har sett på TV, og slike aktivitetar har etter kvart vorte svært populære. Styrke-tevlingar har jo vore ein tradisjon i Setesdal, men denne forma er kanskje noko meir sivilisert enn det ein kan lese om frå gamle dagar, meinte Tarald.

Her kan du lese om Olav Tufte: http://no.wikipedia.org/wiki/Olav_Tufte Her er det og lenker til heimesida hans og til bilete.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *