250 Postludium

Share

Til tysdag har Niklos K. Besteland sitt Postludium nr. 250. Han er av dei som held tal på det han gjer, han fører arkiv og er oppdatert på kva han har hatt i programma sine. Når han kjem i studio tysdag, er det med eit adventprogram. Som regel tilpassar han programma til den tida i kyrkjeåret ein er inne i, men det kan og vere eit jubileum han vil markere eller noko anna han vil minne om i programma sine.

Vi starta desse programma med eit prøveprogram i adventstida i 1997, og så kom vi fast frå januar 1998. Det er blitt nokre program gjennom åra, vi har prøvd å halde kontinuitet og å fylgje skuleruta så godt som det let seg gjere.

Vi har planlagt å markere at det er 250 program med å reise til Bykle tysdag før programmet og ha middag saman der. Det er grunn til å markere innsatsen hans for orgelmusikk, kyrkjemusikk og Valle Radio. Difor skriv eg om det her på førehand. Vonar at mange høyrer på oss tysdagskvelden, anten gjennom eteren eller gjennom Internett.

Niklos lurte på om han skulle slutte no, 250 program var eit fint og rundt tal å slutte på. Men det spørs om han ikkje kjem att. Det ville jo vere dumt å slutte før ein må.

Ei hyggeleg oppleving – Ola Höglund

Share

Etter at vi fekk Spotify i Valle Radio, har valet av musikk endra seg. Før måtte vi ha platene sjølv eller nytte musikk frå arkivet til Valle Radio, men no kan vi søke i millionar av songar, som det heiter på heimesidene til Spotify: http://www.spotify.com/en/

For eit par veker sidan søkte eg på Bred dina vida vingar, eg ville avslutte tysdagssendinga med den, og då kom det opp eit spor med Ola Höglund og Ervin Englund med orgel og trompet i Visby domkyrka på Gotland. Det var nydeleg musikk med kjende salmetonar, så eg sa til Niklos at eg trur eg vil spele frå den neste tysdag. Det meinte han var ein god ide, han visste at Ola Höglund hadde vore organist i den kyrkja.

Når ein skal ha eit musikkprogram basert på ein musikar eller komponist, er det lurt å vite noko om vedkomande, og eg søkrte rundt på Internestt for å finne noko, men det einaste eg fann, var ei liste over det han spelte på den plata.

Difor fann eg adressen til domorganisten i Visby og sende spørsmål om han kunne hjelpe meg. Alt dagen etter fekk eg svar frå Tomas Fors, kultursekretæren i kyrkja. Domorganist Claes Holmgren hadde bede han svare på mailen min. Det var eit sjeldan innhaldsrikt svar, og eg nytta det i Valle Radio tysdag, då eg hadde programmet. Eg kan jo dele dele det med dykk som les bloggen min:

«Ola Höglund föddes i Visby, 1942. Han fick sin musikutbildning på Musikhögskolan i Stockholm under åren 1960 – 1966 där han studerade orgel för bl.a. Gotthard Arnér, piano för Stina Sundell och harmonilära för Henry Lindroth. Han uppvisade mycket goda studieresultat och erhöll högsta betyg i alla ämnen. För sina goda studieresultat blev han belönad med olika utmärkelser. Höglund började spela piano vid sex års ålder och fem år senare började han ta orgellektioner.

Ola Höglunds prestationer ter sig också mycket beundrandsvärda då han var blind sedan födseln.

I tidig ålder började han en karriär som jazzmusiker, en musikstil som följde honom genom hela livet. Under sina senare år framträdde han bland annat tillsammans med jazzlegenden Arne Domnérus. Han kom dock främst att vara yrkesverksam som kyrkomusiken, först i Hagsätra i södra Stockholm och senare i Enskede – också det i södra Stockholmsområdet. Han kom senare att söka tjänsten som domkyrkoorganist i Visby Sankta Maria domkyrka, en tjänst som han också erhöll trots att det hos en del fanns tvivel att att blind organist skulle kunna inneha en sådan omfattande tjänst.

Han kom att på många vis förnya kyrkomusiken då han förutom att dirigera klassiska kyrkomusikverk, också bidrog till att jazzen kom in i kyrkomusiken. I synnerhet kom hans jazzinfluerade orgelimprovisationer att bli mycket omtycka och älskade. Han framträdde ofta i Sveriges Radio – både lokalt på Gotland och nationellt. Han hann med att spela in två skivor och höll på med förberedelse inför en tredje inspelning då han i maj 1987 drabbades av en hjärtattack och avled 17 maj 1987.

Hans allt för tidiga bortgång var en stor förlust för, naturligtvis för hans familj, men också i hög grad för Svenskt musikliv i allmännhet och Svensk kyrkomusik i synnerhet. Idag upplevs det inte som särskilt kontroversiellt med jazz- eller andra musikaliska uttryck i kyrkorummen, Ola Höglund var en av dem som bidrog till denna utveckling.»

Tusen takk også her til kyrkja i Visby (http://no.wikipedia.org/wiki/Visby_domkirke )som hadde stoff til Valle Radio.

Bergensbanen

Share

I dag er det 100 år sidan første toget gjekk på Bergensbanen. I høvet jubileet sender NRK ei heil togreise frå Bergen til Oslo på NRK2. Det er eit smalt program, og truleg hadde dei ikkje venta så mange sjåarar. Men i kveld har eg lese mange kommentarar som seier at programmet er mykje betre enn venta, og sjølv vart eg fanga ein time frå litt før Myrdal og til Hallingskeid. Det var vinter oppe på fjellet, naturen var sjeldan vakker, og dei var sanneleg heldige med veret på turen.

Inne i tunnellane, det er mange av dei, syner NRK2 klipp frå andre produksjonar dei har gjort med Bergensbanen som tema gjennom åra. Dermed får ein både eit historisk bilete og situasjonen i dag.

Det er sjeldan eg reiser med tog no, og Bergensbanen er det sikkert 30 år sidan eg har reist med. Men å reise med tog er fascinerande, og å sjå det frå lokomotivføraren sin plass er ei oppleving ein gjerne kan ta med seg. Truleg tenkjer mange fleire som eg, så det er nok ein del folk som ser på programmet i kortare eller lengre tid i kveld og i natt, det skulle halde på til klokka 03.

Dette er ein sterk kontrast til mange av radioprogramma ein kan høyre. Der er samtalane to til tre minutt, så må ein ha ei plate att. Musikk, musikk, heile tida skal musikk bryte den gode samtalen om eit emne. Vi har slike program i Valle Radio og, men då kallar vi dei musikkprogram. Og ein halvtime med Kommunen informerer har eit eller to musikkinnslag. Eg synest det er bra at våre program toler meir samtale og skulle ønske at NRK sine radioprogram og kunne ha det.

Skulesaka ein gong til

Share

I dag har eg fått høyre at mi framstilling i går ikkje var heilt rett. Då dei kom tilbake etter gruppemøtet og skulle stemme, sette ordføraren opp alle tre framlegga til ei prøvevotering. Då stemte alle frå Høgre for framlegget til Olav Hovet. Dei andre stemte for Alternativ 1 i innstillinga frå skulegruppa, og ingen stemte for Alternativ 2 i innstillinga. Dermed var tre framlegg til vedtak redusert til to, og prøvevoteringa stod fast.

Dei tilrår altså noverande struktur inntil det føreligg ei utgreiing om eit alternativ som til no ikkje har vore med i planane: Alternativet med ein skule for heile kommunen.

Spørsmålet vert då om administrasjonen ser på dette som ei sak dei må greie ut og kor lang tid dei vil bruke på det. For slik vedtaket er forma, vil kanskje ei slik utgreiing endre på romplan og difor forseinke oppstart av neste byggetrinn.

Eg trur difor at siste ord ikkje er sagt i denne saka, det skal verte spanande å sjå kva budsjettframlegget for 2010 legg opp til.

Spørsmålet om firedagars veke eller femdagars veke har gruppa ikkje sett på. Så dei bed kommunestyre handsame det når det vert lagt fram ei vurdering. Om den skal kome frå skulegruppa eller frå administrasjonen, veit eg ikkje. Truleg vil skulegruppa heller starte joleførebuingane enn å ta saka om dagetal opp att i gruppa.

Skulesaka i kommunestyret

Share

I kveld var det møte i kommunestyret i Valle, og eg trur nok den saka dei fleste var interesserte i, var skulesaka.

Skulegruppa hadde lagt fram to tilrådingar, og etter det eg skjøner frå Facebook var det alternativ 1 som vart vedteke. Difor skriv eg det her:

Alternativ 1
Punkt 1.

Skulegruppa har tidlegare ikkje teke omsyn til alternativet med berre ein skule i kommunen, ein bed difor kommunestyret sjå på dette alternativet og inntil det føreligg ei utgreiing/ sak vil ein tilrå noverande struktur og den planlagde utbygginga ved Valle skule.

Punkt 2 gjekk ut etter det eg skjøna på Annette då ho la fram saka.
Punkt 3
Nasjonale prøver
Skulegruppa har vore i kontakt med skulane ved to høve. Båe skulane har verktøy som dei arbeider etter målretta for å oppnå betre læringsresultat, t.d. nasjonale prøver.
Punkt 4
Skulegruppa har ikkje utreda spørsmålet vedk. 4- eller 5-dagars skuleveke. Ein bed difor kommunestyret sjå på dette når det vert lagt fram ei vurdering.

Eg fekk ikkje høyre voteringa, for i pausen fall Internettoverføringa mi ut. Men det var eit framlegg frå Olav Hovet som i realiteten var utsetting, og etter det ba Steinar Kyrvestad om gruppemøte. Dei hadde så 15 minutt gruppemøte, men det vart nok noko lenger, og midt i musikken fall overføringa ut for meg, og etterpå kom eg ikkje inn att. Men ut frå det eg les på Facebook, trur eg at det framlegget fall, og dermed vart det votering mellom dei to. Etter det eg skjønar fekk Alternativ 1 11 røyster og vart difor vedteke. Kommunestyret i Valle har 21 representantar når alle er til stades. Men kven dei 11 var, er eg ikkje sikker på.

Gjestfri for nye tankar?

Share

Gjestfri for nye tankar er slagordet til Valle kommune. Av og til lurer eg på om det stemmer.

I kveld skulle eg skrive om kommunestyremøtet i morgon her på bloggen. Då hadde det vore greitt å sitere framlegga i skulesaka og diskutere dei. Fordi eg er i Valle Radio, får eg tilsendt kommunestyrepapira, og skulesaka var ganske lang. Men sjølve framlegga til vedtak var høvelege å sitere. Problemet var bare at dei var scanna inn frå ein printa versjon, i alle fall trur eg det. Det var ikkje råd å klyppe og lime, sjølv ikkje med hjelp av program som kan lese pdf-filer og gjere dei om til vanleg skrift. Men det føreset at dei ikkje er bilete. Sakspapira denne gongen kom på kryss og tvers, eg trur det var 42 sider. Om ein ville ha ut noko, måtte ein få det på papir. Då er det lita hjelp i å sende epost, eg kunne like godt fått lefsa i posten.

Det kan vere mange grunnar til å scanne eit dokument. Til dømes er det naturleg å scanne ei rekning, då kan ein ikkje forandre tala, men må betale det som står der. Men eit dokument som skal brukast som grunnlag for å behandle ei sak i eit utval er kanskje ikkje like naturleg å scanne. Kanskje var det viktig å kunne ta ut ei sak, ikkje alt, fordi ein ville arbeide meir med denne saka.

Eg trudde eg kunne gjere det då eg gjekk på heimesidene til Valle kommune. Der er det ei fane som heiter «politisk» og på den sida ein får opp når ein trykkjer på fana, kjem det lenker til råd og utval, mellom anna kommunestyret. Men framleis er det som det har vore der og, ingen sakspapir er tilgjengelege. Her kan ein likevel sjå dei einskilde sakstitlane og dermed finne ut kva som er interesant: http://www.valle.kommune.no/councilmeeting.aspx?ObjectType=ePhorteCommitteeMeeting&ePhorteCommitteeMeeting.ID=312

Slik var det for eitt år eller to sidan og då eg undersøkte det. Då vart det sagt at ein snart skulle kunne lese sakspapir frå heimesidene, men det har altså gått vinter og vår og sommar og haust utan at ein får tilgang på sakspapira frå heimesidene. Og viss ein får dei tilsendt, kan ein ikkje kopiere ut ei sak og arbeide med henne saman med partifeller før kommunestyremøtet. Om ein skal nytte litt av framlegget og så skrive eit nytt framlegg til vedtak, så må ein skrive alt saman sjølv frå grunnen av.

Om Valle kommune var gjestfri for nye tankar, så la dei ut sakspapira som HTML-tekst direkte på Internettet, slik at ein kunne finne sakene når ein søkte med Google, og så kunne ein representant klyppe og lime frå dei til ein fekk eit framlegg til vedtak ein ville ha med til møtet i kommunestyret. Eller eg kunne klyppe ut frå sakspapira og legge ut på bloggen med kommentarar.

Nå er det ikkje sikkert at folk les og/eller kommenterer det eg skriv. Men dei hadde hatt høve til det, og det hadde gjort tilbodet frå Valle Radio meir komplett. Men det er sløsing med tid og krefter å måtte printe ut saka og leggje den ved sida av tastaturet og så skrive det inn på nytt. Det får då vere måte på kva ein skal bruke tida og kreftene til.

Program for veke 48

Share

Tysdag 24. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Å takle det livet ein lever. Gry Anette Tørring har intervjua sjelesørger Edel Irene Aase frå Fermate, Rogaland som held til i Sandnes.
20:30 Postludium. Ola Höglund spelar orgel i Visby domkyrka på Gotland saman med Ervin Englund på trompet.
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. november

18:00 Kommunestyremøte

Programmet Å takle det livet ein lever er ein programserie som Nytt Liv Media i Stavanger har laga der dei tek opp spørsmål som livsmestring, utfordringer i kvardagen, problem ein har når ein føler at ein ikkje strekk til, kva som skjer med dette når ein vert sjuk. Resten av timen, om det blir tid att, går til nytt frå kyrkje- og kristenliv landet rundt.

Ingen hemmelighet

Share

At Setesdal har hatt ein viktig rolle i norsk folkemusikk, er jo noko alle veit, og difor ingen løyndom. Torleif H. Bjørgum, Hallvard T. Bjørgum og Sigurd Brokke, er tre generasjonar spelemenn frå same familie som alle har sett spor etter seg. Og ein skal ikkje rote lenge i Jol i Setesdal (som forresten no er komen for 2009) før ein finn spor etter ei rekke spelemenn som så visst ikkje var ukjende i si tid. I årets hefte skriv Arne T. Aabø om Augund O. Rike, til dømes.

Bjørgulv Straume tok jobben med å gje munnharpa ein renessanse her i landet, basert på tradisjonar som levde i Setesdal, men som nesten var gått i gløymeboka. Ikkje utan grunn at munnharpa utanfor Valle skule er tusenårsmonument i kommunen. Andre vidgjetne spelemenn er Landefolka i Bygland, kvedarar finn me både nord og sør i dalen, frå Svein Hovet til Kim Andre Rysstad, Kirsten Bråten Berg og Birgit Rike Lund, avstand både i tid og rom, men trygge bærarar av ein folketradisjon som ikkje er nokon hemmelighet.

Under desse kjende namna er det ei rekke som ikkje er så namngjetne i dag, men som i si tid bar ein tradisjon vidare frå ætt til ætt. Framleis er kulturtradisjonane flugepapir for ei rekke folk med interesse for folkekunst som kjem hit for å lære, og kanskje til og med slå seg ned i dalen. Eg trur det er meir å hente i denne tradisjonen for nærlingslivsbyråkratar enn dei er klare over.

Setesdals hemmelighet

Share

I dag var Lørdagssignatur i Fædrelandsvennen vigd til Setesdal, det er ikkje ofte det skjer. Men Terje Gitmark Eriksen har vore til Rysstad for å hente kjøt hos Marthon på Heimigard, og då tok han like godt ein skitur i Brokke og ein tur innom museet. Og det var på museet han fann det hemmelege: Ein 15 minutts filmsnutt som Leonhard Jansen har laga der han fortel om nokre av setesdølane som sette spor etter seg i politikken og var sterkt involvert i utviklinga av det moderne Noreg: Gunnar Rysstad, stortingsmann og diktar, Torgeir Bjørnarå, nynorskforfattar, skulemann og redaktør, Alexander Seippel, professor i orientalske språk ved Universitetet i Oslo og Johannes Skar, som skreiv åtte bøker om Gamalt or Sætesdal.

Terje Gitmark Eriksen meiner dette er «den ukjente historien om Setesdal». Eg er no ikkje så sikker på det, vi kjenner alle desse om vi er litt interesserte i kultur og soge frå Setesdal. Nokre andre namn er og nemnde, av desse får Jørgen Løvland og Lars Liestøl. Løvland var venstremann frå Evje og var både statsminister, utanriksminister, kyrkje- og undervisningsminister, stortingspresident og formann i Nobelkomiteen, den mest sentrale norske politikaren under unionsoppløysinga, skriv Gitmark Eriksen og gløymer heilt Christian Michelsen, men det gjer jo ikkje noko. Lars Liestøl var lensmann i Bygland og vart statsråd og odelstingspresident. Begge desse sat ved kong Haakon VII sitt bord under ein middag på Slottet i Oslo for hundre år sidan, i 1907-08. Dette bordkortet er med i filmen Leonhard har laga.

No for tida er det få Agder-politikarar som er sentrale i det politiske livet. Grete Faremo frå Byglandsfjord er den einaste politikaren frå Agder som har plass ved Kongen sitt bord, forsvarsminister i denne regjeringa, og med andre verv for år tilbake. Fædrelandsvennen har i lang tid skrive om kor få frå Agder som har hatt verv i sentrale politiske samanhengar dei siste åra. Etter at John Bernander, Ansgar Gabrielsen og John Lilletun gjekk ut av politikken, har det ikkje vore lett å finne nokon som kan ta plassane deira. Men om ikkje Setesdal og Agder er å finne i politiske sirklar, er det setesdølar å finne i andre samanhengar. Det skal eg skrive meir om seinare.