Gann

Share

Skuleskipet Gann feira 60-årsjubileum fredag i sist veke, siste fredag i oktober. Dei kom i gang etter eit par års planlegging, Unge Sjømennsk Kristelige Forening hadde vyer og på seksti år har over 13.000 unge fått opplæring på skipet, som held til i Stavanger.

Tysdagskvelden sende eg eit intervju med noverande kaptein der, Tor Egil Fjelde. Han er både kaptein og rektor, og han kunne fortelje om ein vidaregåande skule med elevar frå heile landet, i år var dei frå 15 fylker, og skulen har svært god søking. Eg noterte at dei har 127 elevar, det var 510 som søkte, og alle fullfører skulen og får lærlingeplass etterpå. Alle bur ombord, og skulereglane seier at dei skal starte dagen med andakt, så det gjer dei.

Men sjølv om dei får eit godt tilskot frå staten, det skal dekke 85% av driftsutgiftene, men diverre bare driftutgiftene som staten godkjenner, og det blir fort til at skulen treng meir enn staten vil godkjenne. Difor har dei problem med å få driftsbudsjettet til å strekke til. Det som staten ikkje dekker, må dei dekke ved gåver, og dei får noko får næringslivet, men det er ikkje så lett å få inn det siste dei treng.

Rektor Fjelde fortalde at dei såg lyst på framtida, det trengst framleis sjøfolk både i ferjetrafikken og anna skipsfart.

Då eg var rektor på Hadsel Folkehøyskole, hadde vi eit visst samarbeid med Gann, så eg var på skulen nokre gonger, og når dei gjekk på nordkappturar om sommaren, hende det at dei kom innom Hadsel. Ein gong hadde dei fått ledige plassar på grunn av sjukdom då dei kom nordover, og då inviterte dei meg og Reidun til å vere med. Det var ei stor oppleving.

Gratulerer med 60 år.

Her er aktuelle lenker:

http://www.gann.no/index.cfm?id=68424 Skipets heimeside
http://no.wikipedia.org/wiki/MS_%C2%ABGann%C2%BB Wikipedias artikkel om Gann
http://www.aftenbladet.no/lokalt/article467979.ece Artikkel i Stavanger Aftenblad