To minutt

Share

Kvar fredag når eg køyrer nedetter dalen, høyrer eg på Sørlandssendinga. Litt over klokka 12:30 har dei avisrunde, og på fredagane er det Setesdølen som dei ringjer til. I dag snakka dei i to minutt om oppslaget på framsida, der ein joletreprodusent meiner at det kunne vere lurt av setesdølar med jord å starte joletreproduksjon. Han meiner klimaet er betre for trea i Setesdal enn i Audnedal, der han bur.

I dag var det den eine saka dei nemnde, avisa var jo full av stoff, men programleiaren i Arendal, det er alltid han på fredagane, sa at ein får sjå korleis det går, og så sette han i gang ei ny plate. Eg hugsar ikkje kva det var, det kan for så vidt vere det same. Men at ein i det heile tatt tek ein telefon til ein redaktør for å snakke om dagens avis, og så bare brukar to minutt, det synest eg nærmar seg skandalenivået. Kva musikk var det som var så viktig at dei måtte spele den i staden for å ha ein skikkeleg prat med Sigurd Haugsgjerd? Rein pop denne gongen, av og til har dei musikk frå Setesdal rundt innslaget, men ikkje denne gongen.

Eg blir litt matt av Sørlandssendinga og eg slår ofte av når musikken kjem, og så gløymer eg å slå på når den er slutt. Dermed går eg glipp av reportasjar som eg kunne hatt glede av å høyre på. Men eg får gnagsår i øyro av all den musikken som skal kome mellom reportasjane. Hadde dei hatt 10 minutt prat, kunne ein nok tålt 3 minutt musikk, men når samtalen vert to minutt, då kunne ein like godt bare sitert frå framsida sjølv, og ikkje teke bryet med å ringje til redaktøren.

For meg er det ei gåte at dei må ha så mange folk tilsette i Sørlandssendinga for å spele musikk i sendingane. Dei har sending frå 11:05 til 13 med avbrot av Dagsnytt klokka 12. Det er knapt 120 minutt, kanskje heller 110 minutt. Eg har ikkje hatt oppteljing av kor mange plater dei spelar, heller ingen statistikk på kor mange minutt dei snakkar, men det skulle forundre meg mykje om det er 35 minutt samtale med folk, ein tredel av tida. Og noko av styrken til ei lokalsending burde jo vere at ein kunne snakke med folk i nedslagsfeltet, anten ved at dei kom i studio eller ved å ta ein telefon.

Seinare på dagen kjem Her og nå. Dei kan ha ein heil time utan musikk, men med interessante samtalar, og dei har sikkert fleire lyttarar.