Vottar

Share

No er boka om Selbuvottar som Annemor Sundbø har omsett frå engelsk komen ut. Ho fortalde om boka då ho var i Valle Radio sist. Det førte til store oppslag i avisene, Setesdølen, Fædrelandsvennen og Vårt Land har alle hatt artiklar om dette.

Det høver jo fint å gje boka til jolegåve, det vert ei hard pakke, eventuelt som ei gåve før jol, slik at mottakaren kan strikke mjuke pakkar til å leggje under joletreet i år.

Det er visst på tide å finne fram vottar no etter kvart, for fredag kom det snø i Valle, og sjølv om det ikkje er sikkert at han vert liggjande, er det ikkje noko som tyder på at det vert ein vinter utan bruk for vottar. På Hovden er dei så sikre på snø at dei lovar gratis opphald om det ikkje kjem snø der neste helg.

Sjølv meiner eg at han kan vente til joleferien, sjølv om eg ser poenget med at lyser opp litt i novembermørket. Dei to-tre neste vekene er jo noko av det mørkaste vi har, men så kjem adventstida, og då er mørket mykje mindre påtrengjande.

I denne tida er joleførebuingane gode å konsentrere seg om. Eg skjønar ikkje heilt dei som alt no er ferdige med jolebakst og slikt, og jolebord med jolemat er jo heller ikkje så viktig i førjolstida, då misser jolematen noko av smaken. Men eg gleder meg til det kommunale jolebordet om eit par veker, så eg er vel litt ambivalent her. Slik er det så ofte i livet, ein får vel bare aksepere det.