Shillong

Share

I dag handla kåseriet mitt om wikipedia, som det gjer av og til. Det er vel slik at når ein er oppteken av noko, så kjem det ut litt oftare enn det kanskje skulle. Men det er no situasjonen.

Eg fortalde om at vi har starta noko vi kallar Ukens konkurranse. Du som les bloggen veit at eg skreiv om det sist veke, då eg fortalde at vi skreiv biografiar om folk som har vore omtala i Hvem Hva Hvor. Vi hadde 209 røde lenker, det vil seie folk som ikkje det var artiklar om. I løpet av ei veke kom vi i mål med artiklar om alle saman.

No er konkurransen om byar i India. Der er det mange store byar, og vi hadde ei liste med nesten 600 byar som ikkje hadde artiklar. Ikkje eingong delstatshovudstadene hadde fått artiklar, så det var nok å ta av. Eg enda på 2. plass i biografikonkurransen, men har ikkje teke mål av meg til å kome høgt denne veka. Men så såg eg at det var ein by der som heiter Shillong, og det verka litt kjent, sjølv om eg aldri har vore i India, og ikkje har planar om å reise dit heller.

Men syster mi og mannen var misjonærar i Bangladesh, i ei folkegruppe som heiter khasi, og det bur ein del av denne gruppa også i India. Kor i India, tenkjer du. Heilt rett, i området rundt Shillong, så dei har vore i byen fleire gonger, og i fjor var ei anna syster og mannen hennar med dei dit. Då vart det for fristande, så eg skreiv ein liten artikkel, det vil seie eg baserte meg på den svenske og omsette den. Og så fann eg eit kart og la inn saman med biletet som svenskane hadde.

Men då eg såg på den engelske artikkelen om byen, såg eg eit bilete som var mykje meir karakteristisk, så eg ville heller nytte det. Då måtte eg flytte det frå den engelske wikipedia og til vår felles database for bilete som heiter Commons. Det er litt vanskeleg, så eg plundra litt før eg fekk det til. Men no er det der og kan setjast inn i artiklar om Shillong på andre språk.

Og neste gong me møtest, veit eg litt meir om byen som fleire i familien min altså har besøkt og sett. Bare 50 km frå plassen som har nedbørsrekord i verda, over 1400 meter over havet, eit klima som høver betre for europearar og som difor var nytta til sommarhovudstad då britane styrde India.

Ein lærer så lenge ein lever.

Les meir på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Shillong