Gjestfri for nye tankar?

Share

Gjestfri for nye tankar er slagordet til Valle kommune. Av og til lurer eg på om det stemmer.

I kveld skulle eg skrive om kommunestyremøtet i morgon her på bloggen. Då hadde det vore greitt å sitere framlegga i skulesaka og diskutere dei. Fordi eg er i Valle Radio, får eg tilsendt kommunestyrepapira, og skulesaka var ganske lang. Men sjølve framlegga til vedtak var høvelege å sitere. Problemet var bare at dei var scanna inn frå ein printa versjon, i alle fall trur eg det. Det var ikkje råd å klyppe og lime, sjølv ikkje med hjelp av program som kan lese pdf-filer og gjere dei om til vanleg skrift. Men det føreset at dei ikkje er bilete. Sakspapira denne gongen kom på kryss og tvers, eg trur det var 42 sider. Om ein ville ha ut noko, måtte ein få det på papir. Då er det lita hjelp i å sende epost, eg kunne like godt fått lefsa i posten.

Det kan vere mange grunnar til å scanne eit dokument. Til dømes er det naturleg å scanne ei rekning, då kan ein ikkje forandre tala, men må betale det som står der. Men eit dokument som skal brukast som grunnlag for å behandle ei sak i eit utval er kanskje ikkje like naturleg å scanne. Kanskje var det viktig å kunne ta ut ei sak, ikkje alt, fordi ein ville arbeide meir med denne saka.

Eg trudde eg kunne gjere det då eg gjekk på heimesidene til Valle kommune. Der er det ei fane som heiter “politisk” og på den sida ein får opp når ein trykkjer på fana, kjem det lenker til råd og utval, mellom anna kommunestyret. Men framleis er det som det har vore der og, ingen sakspapir er tilgjengelege. Her kan ein likevel sjå dei einskilde sakstitlane og dermed finne ut kva som er interesant: http://www.valle.kommune.no/councilmeeting.aspx?ObjectType=ePhorteCommitteeMeeting&ePhorteCommitteeMeeting.ID=312

Slik var det for eitt år eller to sidan og då eg undersøkte det. Då vart det sagt at ein snart skulle kunne lese sakspapir frå heimesidene, men det har altså gått vinter og vår og sommar og haust utan at ein får tilgang på sakspapira frå heimesidene. Og viss ein får dei tilsendt, kan ein ikkje kopiere ut ei sak og arbeide med henne saman med partifeller før kommunestyremøtet. Om ein skal nytte litt av framlegget og så skrive eit nytt framlegg til vedtak, så må ein skrive alt saman sjølv frå grunnen av.

Om Valle kommune var gjestfri for nye tankar, så la dei ut sakspapira som HTML-tekst direkte på Internettet, slik at ein kunne finne sakene når ein søkte med Google, og så kunne ein representant klyppe og lime frå dei til ein fekk eit framlegg til vedtak ein ville ha med til møtet i kommunestyret. Eller eg kunne klyppe ut frå sakspapira og legge ut på bloggen med kommentarar.

Nå er det ikkje sikkert at folk les og/eller kommenterer det eg skriv. Men dei hadde hatt høve til det, og det hadde gjort tilbodet frå Valle Radio meir komplett. Men det er sløsing med tid og krefter å måtte printe ut saka og leggje den ved sida av tastaturet og så skrive det inn på nytt. Det får då vere måte på kva ein skal bruke tida og kreftene til.