Bergensbanen

Share

I dag er det 100 år sidan første toget gjekk på Bergensbanen. I høvet jubileet sender NRK ei heil togreise frå Bergen til Oslo på NRK2. Det er eit smalt program, og truleg hadde dei ikkje venta så mange sjåarar. Men i kveld har eg lese mange kommentarar som seier at programmet er mykje betre enn venta, og sjølv vart eg fanga ein time frå litt før Myrdal og til Hallingskeid. Det var vinter oppe på fjellet, naturen var sjeldan vakker, og dei var sanneleg heldige med veret på turen.

Inne i tunnellane, det er mange av dei, syner NRK2 klipp frå andre produksjonar dei har gjort med Bergensbanen som tema gjennom åra. Dermed får ein både eit historisk bilete og situasjonen i dag.

Det er sjeldan eg reiser med tog no, og Bergensbanen er det sikkert 30 år sidan eg har reist med. Men å reise med tog er fascinerande, og å sjå det frå lokomotivføraren sin plass er ei oppleving ein gjerne kan ta med seg. Truleg tenkjer mange fleire som eg, så det er nok ein del folk som ser på programmet i kortare eller lengre tid i kveld og i natt, det skulle halde på til klokka 03.

Dette er ein sterk kontrast til mange av radioprogramma ein kan høyre. Der er samtalane to til tre minutt, så må ein ha ei plate att. Musikk, musikk, heile tida skal musikk bryte den gode samtalen om eit emne. Vi har slike program i Valle Radio og, men då kallar vi dei musikkprogram. Og ein halvtime med Kommunen informerer har eit eller to musikkinnslag. Eg synest det er bra at våre program toler meir samtale og skulle ønske at NRK sine radioprogram og kunne ha det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *