Den nye folkehøgskulen

Share

Onsdagskvelden var Wenche Gundersen i Valle Radio. Ho gjekk gjennom nokre av elementa i det komande budsjettet og kom til å nemne den nye folkehøgskulen som skal etablerast.

Med bakgrunn i det eg har høyrt om at nokre tenkjer at ved å slå saman Hylestad skule med Valle skule, kunne ein i tillegg til å spare pengar få fulldelt skule på alle trinn (og ikkje som no fådelt både i Valle og Hylestad), kom eg til å kommentere at då kunne den nye folkehøgskulen nytte Hylestad skule som stad for teoriundervisninga. Den er vel tenkt å skulle føregå til ein viss grad i lokala til Valle vidaregåande skule og eventuelt på Åraksøyne, men viss ein har ledige bygningar på Nomeland, ville det etter mi meining vore ein flott plass for å starte opp den nye folkehøgskulen. Der den ligg ved vegen ville den i seg sjølv vere reklame for alle som køyrer til Hovden, mange av dei kunne nok vere potensielle elevar for ein slik skule. I tillegg ville ikkje bygningane verte ståande tome, noko som sikkert ville gje hovudverk til mange med tanke på at ein har lagt ned ein stor innsats for å få bygningane tenlege for skuledrift.

Planen er jo at elevane skal bu på internat i Valle, men ha øvingsområdet for motorsport på Åraksøyne. Hylestad skule ligg jo midt mellom, så om dei starta der med teoriundervisning før dei drog vidare til praksis, ville ikkje ei slik løysing medføre meir transport.

Eg ser at komande onsdag skal formannskapet ha møte om saka. Sak 123-09 heiter Etablering av folkehøgskule – igongsetjing av hovudprosjekt. Dei har knapt med tid, for tidleg på nyåret tek folk til å søke skular for neste skuleår. Då burde brosjyra vere klar, og det er sikkert lurt med bilete motorsport og miljø. Om mange ting ikkje er på plass, vert reklamen lite presis. Så no hastar det.

Eg skal kome tilbake med meir info frå formanskapspapira etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *