Ingen hemmelighet

Share

At Setesdal har hatt ein viktig rolle i norsk folkemusikk, er jo noko alle veit, og difor ingen løyndom. Torleif H. Bjørgum, Hallvard T. Bjørgum og Sigurd Brokke, er tre generasjonar spelemenn frå same familie som alle har sett spor etter seg. Og ein skal ikkje rote lenge i Jol i Setesdal (som forresten no er komen for 2009) før ein finn spor etter ei rekke spelemenn som så visst ikkje var ukjende i si tid. I årets hefte skriv Arne T. Aabø om Augund O. Rike, til dømes.

Bjørgulv Straume tok jobben med å gje munnharpa ein renessanse her i landet, basert på tradisjonar som levde i Setesdal, men som nesten var gått i gløymeboka. Ikkje utan grunn at munnharpa utanfor Valle skule er tusenårsmonument i kommunen. Andre vidgjetne spelemenn er Landefolka i Bygland, kvedarar finn me både nord og sør i dalen, frå Svein Hovet til Kim Andre Rysstad, Kirsten Bråten Berg og Birgit Rike Lund, avstand både i tid og rom, men trygge bærarar av ein folketradisjon som ikkje er nokon hemmelighet.

Under desse kjende namna er det ei rekke som ikkje er så namngjetne i dag, men som i si tid bar ein tradisjon vidare frå ætt til ætt. Framleis er kulturtradisjonane flugepapir for ei rekke folk med interesse for folkekunst som kjem hit for å lære, og kanskje til og med slå seg ned i dalen. Eg trur det er meir å hente i denne tradisjonen for nærlingslivsbyråkratar enn dei er klare over.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *