Orgelmusikken

Share

I dag var eg på Esso, det er kompedag, så eg fekk meg ei kompe og sat i stova der og kunne nyte den. Då kom det eit par andre menn inn, og vi kom i prat, ein med kompe og ein med pølse. Sjølv var eg nesten ferdig med mi.

-Du er mest oppteken av skule for utlendingane og Valle Radio, sa den eine.

Eg kunne ikkje nekte for det.

-Det verkar som om dei utlendingane frå Burma er trivelege folk.

Eg var samd med han i det og.

-Kjem Niklos i radioen i kveld?
-Nei, han er med annankvar veke, og i kveld kjem han ikkje, svara eg.
-Det verkar som om han førebur seg godt til sendingane. Han har mykje informasjon om det han spelar.
-Det har han, eg er ikkje så grundig, eg.
-Men det er jo flott at du får det til likevel.

Vi får av og til spørsmål om folk høyrer på Valle Radio. Då seier eg at eg trur det, men det er ikkje så ofte eg får kommentarar. Difor er eg takksam for desse kommentarane over kompemiddagen.

I kveld spelte eg ein orgelkonsert av Händel: Concerto i g-moll Opus 4 nr. 1. Det var Simon Lindley som spelte orgel saman med Northern Sinfonia dirigert av Bradley Creswick, og opptaket var gjort i Holy Cross Church i Fenham, England i 1996. Fenham er ein bydel i Newcastle. Det var ei Naxos-plate, nummeret var 8.553835

Deretter spelte eg Camille Saint-Saëns Prelude et Fugue en mi bemol (ess-dur). Den var det Olivier Latry som framførte på Grand Orgue de Notre-Dame de Paris. Innspelinga var frå 1993. Plata heitte Recital à Notre-Dame de Paris på merket Soli Deo Veritas nr. 74321470132

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *