Setesdals hemmelighet

Share

I dag var Lørdagssignatur i Fædrelandsvennen vigd til Setesdal, det er ikkje ofte det skjer. Men Terje Gitmark Eriksen har vore til Rysstad for å hente kjøt hos Marthon på Heimigard, og då tok han like godt ein skitur i Brokke og ein tur innom museet. Og det var på museet han fann det hemmelege: Ein 15 minutts filmsnutt som Leonhard Jansen har laga der han fortel om nokre av setesdølane som sette spor etter seg i politikken og var sterkt involvert i utviklinga av det moderne Noreg: Gunnar Rysstad, stortingsmann og diktar, Torgeir Bjørnarå, nynorskforfattar, skulemann og redaktør, Alexander Seippel, professor i orientalske språk ved Universitetet i Oslo og Johannes Skar, som skreiv åtte bøker om Gamalt or Sætesdal.

Terje Gitmark Eriksen meiner dette er “den ukjente historien om Setesdal”. Eg er no ikkje så sikker på det, vi kjenner alle desse om vi er litt interesserte i kultur og soge frå Setesdal. Nokre andre namn er og nemnde, av desse får Jørgen Løvland og Lars Liestøl. Løvland var venstremann frå Evje og var både statsminister, utanriksminister, kyrkje- og undervisningsminister, stortingspresident og formann i Nobelkomiteen, den mest sentrale norske politikaren under unionsoppløysinga, skriv Gitmark Eriksen og gløymer heilt Christian Michelsen, men det gjer jo ikkje noko. Lars Liestøl var lensmann i Bygland og vart statsråd og odelstingspresident. Begge desse sat ved kong Haakon VII sitt bord under ein middag på Slottet i Oslo for hundre år sidan, i 1907-08. Dette bordkortet er med i filmen Leonhard har laga.

No for tida er det få Agder-politikarar som er sentrale i det politiske livet. Grete Faremo frå Byglandsfjord er den einaste politikaren frå Agder som har plass ved Kongen sitt bord, forsvarsminister i denne regjeringa, og med andre verv for år tilbake. Fædrelandsvennen har i lang tid skrive om kor få frå Agder som har hatt verv i sentrale politiske samanhengar dei siste åra. Etter at John Bernander, Ansgar Gabrielsen og John Lilletun gjekk ut av politikken, har det ikkje vore lett å finne nokon som kan ta plassane deira. Men om ikkje Setesdal og Agder er å finne i politiske sirklar, er det setesdølar å finne i andre samanhengar. Det skal eg skrive meir om seinare.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *