Skryt til Valle folkebibliotek

Share

Eg har skrytt over Valle folkebibliotek meir enn ein gong på bloggen, og i dag vil eg gje dei ei ny skryterose. Lisbeth fortener ein heil bukett.

På wikipedia har vi denne veka ein konkurranse. Nettleksikonet har vel 235.000 artiklar, men truleg er det like mange røde lenker, det vil seie tema som kan verte artiklar, men som enno ikkje har fått nokon artikkel. Nokre av desse røde lenkene ligg i lister, vi lagar slike lister for å minne kvarandre på kva vi må ha artiklar om. Difor har vi fått lov av forlaget som gjev ut Hvem Hva Hvor å skrive av dei namna som dei har i seksjonen Årets Hvem, den har dei hatt omtrent frå dei starta for over 80 år sidan.

Det er jo blitt nokre namn etter kvart, men frå 1986 til 2010 var det 211 namn som var røde då vi starta det vi kallar Ukens konkurranse sist helg. No går det mot slutten av veka, og då vi runda midnatt i kveld var 134 av 211 på plass. Eg lurer på om vi klarar å få på plass alle artiklane før veka er slutt.

Om vi klarer det, er noko av grunnen den hjelpa eg har fått frå Valle folkebibliotek. Lisbeth kastar ikkje Hvem Hva Hvor, ho set dei i magasinet. Så når eg spør etter ei bok frå eit bestemt årstal for å skrive ein biografisk artikkel, så går ho i magasinet og finn den boka eg treng. Så finn eg basiskunnskapen for artikkelen i boka og så kan eg leite litt rundt på Internett for å finne meir informasjon. Med Lisbeth si hjelp, men og med hjelp på nettet, har eg klart 12 artiklar til no. Du kan sjå det sjølv om du går hit: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ukens_konkurranse_0946#Harald_Haugland_407_poeng

Då vil du sjå at i denne konkurransen gjev kvar artikkel ein poengsum. Den som får høgast poengsum til slutt, vil verte kåra til vinnar og få ein rosett på brukarsida si, det er heder og ære i denne samanhengen. Eg vinn ikkje, men eg kan vere ein god nummer to med mine 12 artiklar, kanskje eg klarar ein eller to i morgon og, så får eg litt fleire poeng.

Dei kan eg takke Lisbeth for. 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *