Triveleg

Share

Så har eg høyrt endå ei triveleg onsdagssending i Valle Radio. I kveld var det Ørnulf som hadde ansvaret, og han hadde nytta opptakaren godt. Først var han på IntermEsso, EksprEsso, kjært barn har mange namn, og prata med folk som sat der fredagskvelden frå klokka 17. Det var både unge og eldre med i samtalen. Sjølvsagt var eldsjelene Sissel Åkre og Astrid Kyte med, men og tiandeklassingar og sjefen i Utviklingsavdelinga, David Tharaldsen.

Etter det var han på Valle Idrottslag sin basar i Frikyrkja og prata med Tarald Myrum. Vi fekk vite at basaren har lange tradisjonar i Valle, og sjølv om dei slo saman dei to laga for nokre år sidan, heldt dei fram med å ha basaren i Frikyrkja. I tillegg var det og premieutdeling for aktivitet som har vore i sommar.

Etter eit slikt innslag var det naturleg å ta ein telefon til Ragnar Aas på Evje. Han er primus motor for basaren som Misjonssambandet sine kvinneforeningar i Setesdal samlar folk til komande laurdag og kunne fortelje at det var nr. 26 i rekka av basarar dei hadde. Med start klokka 11, møte klokka 13, 16 og 18 og loddsal mellom møta, vert det ein hektisk dag. Før om åra har dei fått inn om lag 300.000 kroner, og dei vona på det i år og. Men i år selde dei ikkje eple, det har vore så mykje eple i år at Ragnar Aas rekna med at dei ikkje ville fått salg på dei om dei hadde hatt eple å selje.

Deretter hadde Håvard Viki andakt, før David Tharaldsen dukka opp i Kommunen informerer att. I tillegg til å fortelje om kulturprogram framover mot jol, snakka han og om småbruksprosjektet, der dei har mål om å få folk på ti tome småbruk i løpet av ti år. Det er tilsett prosjektleiar der, ho skal starte frå nyttår. I Vest-Telemark har dei hatt gode resultat av eit slikt prosjekt.

I timen mellom 20 og 21 var det opptak frå aktivitetsdagen på Tveitetunet. Då fall eg litt av lasset og fekk ikkje med meg heile programmet, men det var den dagen då bygdekvinnelaget synte fram klesdrakter frå boka Rette klede i Setesdal.

Kvelden vart avslutta med Opi sending som vanleg. Den var det Jorunn Lund Harstad som hadde, og ho hadde med seg Kåre Rike i studio. Rebusane handla om utstillarar på Tveitetunet og hovudstader i Europa, i tillegg skulle folk finne ein sang ved hjelp av ei strofe. Sjølv ringde eg inn og son Den norske sjømann er et gjennombarket folkeferd, og sanneleg trekte dei meg ikkje ut til å vinne ein damaskduk, gåve frå Gyro K. Homme. Tusen takk til Gyro og folka i studio. Teknikar denne kvelden var Jørund Georg Jore og Torleif Haugen siste del av kvelden. Og telefonvakter var Torbjørg Hoftuft og Gudrun Nomeland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *