Nyårshelsing

Share

I kveld fekk eg dette brevet frå Ørnulf Hasla, som er styreleiar i Valle Radio:

Hei alle saman

Eg vill ynskje dykk alle eit godt nytt år, og takke for at dykk alle saman gjer ein fantastisk jobb for å få Valle Radio på lufta.

Håper at vi saman kan gjere 2010 til eit godt radioår. Det er berre ei stor glede å ha så gode medarbeidarar som er så ”gira” på å gjere ein god jobb med radioen.

Så ein gong til

GODT NYTT ÅR

Eg vil slutte meg til orda hans og ynskje alle som les bloggen eit godt nytt år. Eg burde hatt vareoppteljing, det er blitt nokre brev gjennom året. Om eg skal peike på ei kommunikativ hending i løpet av året, må det vere at vi kom på Facebook med eiga gruppe for Valle Radio. Spesiell takk til Ronny og Britta Lise for dykkar innsats med å nytte dette digitale mediet på så god ein måte.

Gjennom radioåret 2009 har vi hatt mange tema oppe i Valle Radio. Valle Radio syner at bygda står midt i straumen av hendingar som påverkar land og folk. Vi speglar samfunnet, og Øvre Setesdal står nærast, men tilhøve rundt om i landet kan vi og ha eit skråblikk på.

Bloggen er bare ein liten refleks av alt vi har hatt i radioen i året som gjekk. I løpet av året har vi hatt om lag 16.000 besøk på bloggen. Det har gått nedover frå då det var på det høgaste, men framleis er det mange som fylgjer med. Takk til dykk alle, det gjer at det er meiningsfylt å skrive.

I morgon skal vi ha kommunal vareoppteljing.

Romjol

Share

Det er lenge sidan vi har hatt ei så kald romjol på Sørlandet. Denne jola er det snø og mange minusgrader, ned mot 10, og det er kaldare enn på lang tid. Så sel dei bortoverski så det susar, det er jo lettare å kunne spenne på seg skia i ei lysløype ein halv times køyretur heimanfrå, enn å ruste seg med nedoverski og dra til eit alpinsenter, anten det er i Brokke eller på Hovden.

Sjølv kunne eg ikkje tenkje meg ski, korkje nedover eller bortover, så eg held meg til raggsokkar utan skisko og nyt livet utan å få naglebit, om eg då ikkje må få bort snø frå bilen for å ta meg ein tur til butikken. Det er seks kilometer til sentrum, så om ein ikkje treng noko, droppar ein den turen.

I går tok vi turen til Lyngdal på romjolsbursdagsfeiring, og då fekk vi ei avveksling frå Den store julereisen, konkurransen i Fædrelandsvennen som vi har brynt hovudet på denne jola. Då spelte vi Gruble. Det er eit enkelt spel, men gruble må ein likevel. Først bestemmer ein emne, kanskje fem til ti ulike emne. Så trekkjer ein bokstav, og så gjeld det å skrive ned eit ord innan kvart emne som startar med denne bokstaven. Jentenamn er lett, Norske øyer, Hovudstader, Forfattarar og teikneseriefigurar er vanskelege, men om ein godtek mat til å vere alt som kan etast, går det som oftast å kome på noko på to minutt. Dei som klarar eit unikt svar, får to poeng, dei som deler med andre, får eitt poeng. Ein slik konkurranse kan ta ei stund, den er sosial og triveleg, særleg når ein sjølv kjem høgt på lista til slutt. Då kan ein mest gløyme kulda og ta eit ekstra kakestykke.

Bursdag jolaftan

Share

Dei visste det knapt, Bjørgulv, Torleif og Håvard, då dei lisle jolekvelden snakka med Knut Svein Dale: 60 år jolekvelden. Fødd på jolekvelden, det er den kjend predikanten som så ofte har gjesta Valle og hatt møte i Menighetshuset og på Nomeland Bedehus. Hadde dei lese Fædrelandsvennen godt, ville dei sett at det var omtalt der. Men ein kan jo ikkje vente at dei les avisa godt ein slik kveld.

Elles var det ei triveleg sending, dei snakka med prosten vår i Vennesla og med Elin Fagerbakke som har fått seg hytte i Valle og skulle feire jola på hytta. Håvard las joleevangeliet og dei fekk knapt tid til å spele jolesongar denne timen som programmet varte.

Heile kvelden, så langt eg fekk høyre det, var ein triveleg kveld. Ørnulf hadde laga ein intervju med Sigurd Haugsgjerd, det var så interessant at eg gjekk glipp av kveldsmat saman med dei andre som er heime i jola. Men eg fekk ein god matbit etterpå, så eg fekk ikkje høyre kva ordføraren hadde å seie.

Eg høyrde vel det meste av sendinga mellom fem og seks som gjekk frå sentrum med Øyvind som utegåande reporter. Loddtrekninga gjorde at eg skjøna at eg gjekk glipp av noko stort som ikkje var der med lodda mine. Og folk kjem heim til jol, verka det som.

At eg som har linux endeleg kunne høyre sendinga att, var ei god jolegåve frå Valle Radio.

Gledeleg jol til alle som les på bloggen.

Program lisle jolekvelden 2009

Share

Britta Lise Homme sendte en melding på Facebook til medlemmene i VALLE RADIO.

——————–
Emne: Program lisle jolekveld

Ansvarleg : Ørnulf Hasla
Teknikarar: Torleiv Soltun og Jørund Georg Jore

17.00 – Direkte sending frå Valle sentrum. Med trekning av Valle sentrumsforeinings store jolelotteri

18.00 – Vi reiser til USA, Australia, Ut i nordsjøen på plattform og til Heimesjukepleien i Valle v/ Øyvind og Ørnulf

19.00 – Bjørgulv, Håvard og Torleiv i jolesamtale rundt tankar frå bibelen
20.00 – Sigurd Haugsjerd i samtale med Ørnulf
21.00 – Ordførar Bjørgulv S. Lund i samtale med Ørnulf. Ordførarens jolehelsing til Valle
21.30 – Jolemusikk i fleire timar

Høyr: http://www.facebook.com/l/e8023;www.valleradio.com/

Valle radio ynskjer alle lyarane ei god jol og eit godt nytt år!
——————–

Jolebrev

Share

Jolebreva tek til å kome inn, det er triveleg å få slike årsmeldingar frå vener og kjende. Sjølv har eg slite med å få inspirasjon til å skrive, og i dag var det helst for seint. Eg hadde tenkt meg ein tur til Mandal, men plutseleg fall ideane i hovudet mitt, og så vart det ein tekst i år og. Men å skrive det ut på ein noko treg blekkskrivar (i høve til ein litt mindre treg laserskrivar på skulen i Valle) tek si tid, og før breva var komne i konvolutt, var posten frå Mandal på veg til Tønsberg, så dei går ikkje i posten før i morgon og då kjem dei nok ikkje fram til mottakarane før i romjola. Men det kan sikkert vere greitt å få brev då og.

Ei overrasking har eg fått i joleposten i år. Det kom eit brev frå ei vakker ung dame, ho sende med bilete, så eg talar sant. Ho held til på Bornholm og vi hadde vore saman på kurset Nordisk sang på Løgumkloster højskole i Danmark for tre år sidan. Etter den gongen har eg hatt lyst til å reise tilbake kvart år, men andre gjeremål har ført til at vi ikkje har kome oss dit. Men ho hadde lese på bloggen det eg skreiv om kurset den gongen og ville gjerne takke meg for det.

Og i dag kom programmet for korte kurs på Løgumkloster i 2010. Eg las med stor interesse gjennom katalogen og tenkte at eg hadde lyst til å ta turen til Sønderjylland att. Men kursa der vert fort fullteikna, så kanskje eg ikkje får plass, og det er jo for tidleg å melde seg på no. Vi får sjå, i år er det svensk og færøysk sang som står på programmet.

Men fyrst skal vi synge jolesongar.

Joleferie

Share

Jola kom tidleg til bloggen i år. Onsdag i sist veke var siste innlegg, no er det mandagskveld. Eg har fått spørsmål om kor bloggen vert av, så eg får vel skrive litt i kveld.

Dei siste vekene før jol vart eg engasjert på ein ekstra måte på wikipedia ved at eg var leiar for ein konkurranse som gjekk kvar veke. Vi sette opp nokre emne, og så var konkurransen å skrive innanfor oppsett emne. Rosett til vinnaren, ikkje noko stor sak, men heder og ære, og det likar mange.

Og så har eg gjort eit forsøk på å legge meg litt tidlegare, og om eg har hatt kvelden i lag med familien og løyst jolereise-rebus i Fædrelandsvennen, så er det ikkje alltid eg orkar å setje meg til og skrive blogg før natta tek over. Så joleferie har det vore nokre dagar no.

Men i dag kom eg meg i gang att, både på wikipedia (utanom konkurranse) og på bloggen. På wikipedia skreiv eg om teologiprofessoren Ivar P. Seierstad
http://no.wikipedia.org/wiki/Ivar_P._Seierstad Bakgrunnen var ei lita opprydding og plutseleg dukka heftet hans, Gammeltestamentlig bibeltelologi, opp. Det var stensilert i 1972 og trykt opp på Norsk Lærerakademi i 1974 til bruk for kristendomsstudentar. Så tenkte eg at eg skulle finne noko meir om han, men wikipedia hadde ingen artikkel, bare rød lenke. Og rød lenke er oppmoding om å skrive noko, så eg søkte på Internett og google fann artikkel i Norsk Biografisk Leksikon. Dermed hadde eg grunnlaget, det var lagt av Bernt Oftestad, som er kyrkjehistorikar og skriv for Norsk Biografisk Leksikon. Eg meiner jo at sentrale folk innan kyrkje og kristenliv har like mykje rett til artiklar på wikipedia som popstjerner med plateutgjeving, og folk som har gjeve ut bøker, bør få artiklar. Så no ligg han der.

Elles har livet i Tregdeveien vore roleg. Eg er glad eg kan vere inne desse dagane, snø er ikkje min favoritt, men i morgon må eg nok ut ein tur og sjå etter jolegåver. Om det kjem noko på bloggen om dei, det får tida vise.

Onsdagskvelden vert det sending i Valle Radio, eg trur det er frå klokka 17. Då skal eg prøve å få det inn, for no har dei fått ei ekstra løysing for streaming, så kanskje eg kan få det inn sjølv om eg ikkje brukar windows.

Mørketid og diktesser 1

Share

Eg fekk ikkje med meg kommunestyremøtet i kveld. Eg var ein tur på førjolsbesøk hos Ånund K. og då eg kom heim, var trongen til ein middagslur sterkare enn på lenge, så eg halla meg og sovna og kom meg ikkje særleg langt før klokka var halvsju. Så eg får sjå i referatet når det kjem. Det gjer ikkje same nytta, men ein får klare seg som best ein kan.

Eg gjekk glipp av å få høyre familiekoret som hadde øving i kveld før dei gjekk på gamleheimen for å syngje for dei som bur der. Det får eg ha til gode, men eg skjønar at dei skal syngje på gudstenesta i Valle kyrkje jolaftan og de har noko å gle dykk til. Eg høyrer omen av dei på skulen kvar dag, dei fleste i familiekoret i Valle er karenarar frå Myanmar (Burma) og går på norskopplæring, og dei likar å syngje.

Eg sat og bladde i ei gammal avis i dag, og pluseleg fall augo mine på eit lite dikt av Dag Evjenth http://no.wikipedia.org/wiki/Dag_Evjenth :

«Sorte får»:
Sorte får blir
også en flokk
når de er
mange nok.

Det stod i Fædrelandsvennen Kultur 26. november 2009, eg hadde eigentleg kasta avisa, men fann henne fram att fordi det stod noko om sjette bindet i bygdesoga for Bygland om kyrkjestriden i 1935 då Sandnes kyrkje vart flytt til Åraksbø. Dette skreiv eg inn i wikipedia sin artikkel om Sandnes kyrkje i Bygland http://no.wikipedia.org/wiki/Sandnes_kyrkje_(Bygland) og sanneleg fekk eg plass til litt frå artikkelen i wikipedia sin artikkel om Sandnes kapell og. http://no.wikipedia.org/wiki/Sandnes_kapell I tillegg kunne eg skrive ein artikkel om forfattaren av bygdebøkene for Bygland, Reidar Vollen. http://no.wikipedia.org/wiki/Reidar_Vollen

Diktet over er henta frå Dag Evjenth si bok frå 2009: Møter du veggen, får du hilse fra meg. Det førte til at eg leita opp bokmelding av denne boka og fann fleire slike dikt som han kallar tristesser:

«Rotfrykt»:
Han som var så forsiktig med mat.
Han som alltid var så varlig.
Han hadde spist gulrot akkurat
den uken det var helsefarlig.

«Ros til egen bak»
Sier ikke du skal fornedre
din mottaker,
kun at ting fester seg bedre
med mothaker.

«Nå?»
Han nådde liksom aldri
langt nok opp
til at han kunne gi seg
mens han var på topp.

«Til gjennomsyn»
Hun stod der i solen
og det føltes ikke riktig
å fortelle at kjolen
var gjennomsiktig.

Desse var siterte i bokmeldinga i Hamar Arbeiderblad, sjå
http://www.h-a.no/Kultur/B%C3%B8ker/tabid/100/Default.aspx?ModuleId=65553&articleView=true&tabId=100

Dag Evjenth er på Facebook, der finn eg fleire slike underfundige tekstar: http://www.facebook.com/group.php?v=wall&gid=82082461967 I går hadde han denne:

SEKS ORD

Tiden går
hvis du blir
sittende.

Så eg tek kvelden og vonar at når eg går …..

Misjonsleiarar beklagar

Share

I kveld hadde eg med eit innslag frå Nytt Liv Media der Ola Tulluan fortalde om rapporten om oppvekst og skulegang for barn av misjonærar i utlandet. Rapporten syner at mange barn vart mobba og plaga og nokre og utsette for misbruk på internata i tilknytning til norske skular for born av foreldre som arbeidde i andre land. Nokre var barn av misjonærar, men også av foreldre som arbeidde i næringslivet i andre land.

2500 personar fekk spørsmål om å delta i ei undersøking. 60% svarte ja, det er 1481 personar, og undersøkninga, som er gjort av IRIS, International Research Institute of Stavanger avdekkar kritikkverdige forhold.

Ola Tulluan fortalde at NMS og NLM står saman om å fylgje opp undersøkinga og vil ha møte med folk som har budd på internata og opplevd ting som ikkje har vore greie. Om naudsynleg vil dei hjelpe til å få samtale med profesjonelle hjelparar og med å søke erstatning hjå det offentlege, skulane var offentlege skular.

Det var og eit intervju med Harald Eraker, som synest misjonen er seint ute. Han var sjølv elev ved den norske skulen i Japan og er talsmann for tidlegare elevar ved denne skulen.

I tillegg hadde vi eit interjvu med rektor på Misjonshøgskulen, ikkje om denne saka, men om at dei truleg må nedbemanna neste år for å få endane til å møtast. I 2008 hadde dei nedgang i elevtalet, og sjølv om det har gått opp att no, rekk ikkje tilskotet frå Staten til. Utan fem millionar kroner frå gjevarar hadde skulen truleg blitt lagd ned. Dette skuldast at tilskota frå det offentlege til Misjonshøgskulen i Stavanger ikkje dekkjer det som andre høgskular får.

15. og 16. desember 2009

Share

Tysdag 15. desember

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20:30 Postludium. Juelprogram med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 16. desember

18:00 Kommunestyremøte

Lytt til programma på http:/www./valleradio.com
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/

Dette er siste tysdagsprogrammet i år.

Valle pensjonistforening

Share

I kveld klokka fem hadde Valle pensjonistforening jolemøte, kunngjort i Valle Radio sist tysdag med påminning om å melde seg på til Anne Lise Harstad innan fredag i sist veke.

Etter ein knapt akademisk kvarter helsa ho oss velkomne og kunne fortelje at det var eit heilt år sidan sist møte, ingen av oss var i tvil om kva som hadde vore grunnen til det, for av Valle Radio sine mest trugne telefonvener i Opi sending, Anne Lise og Torleif, er no bare Anne Lise att.

Etter ein song fekk eg halde andakt, og eg tok utgangspunkt i joleevangeliet sine ord om at det ikkje var husrom til barnet som vart fødd. Eg knytte det saman med jolesalma Mitt hjerte alltid vanker, der det i andre verset heiter:
Akk kom jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke: Kom Jesus dog herinn.

Etter andakten var det naturleg å syngje denne salma saman, Pensjonistforeninga har sangbok med stor skrift som er lett å lese for folk som dimmest på synet, så utover kvelden vart songen bare betre og betre. Som vanleg spelte Kjetil Rike trekkspel til songane.

Gjest på møtet var fylkesleiar for Aust-Agder, Gro Lande frå Evje. Ho hadde med gratulasjonar i høve at det var 25 år sidan laget starta opp. Bare to av dei som var med på det, er framleis medlemmer i laget, men ingen av dei var på møtet. Gro hadde med ei gåve på 600 kroner og ein blomebukett som Anne Lise fekk etter helsinga. Så kunne ein halde fram med meir song, og etter “Det lyser i stille grender” av Jakob Sande las Torleif Harstad “Kallen og katten” av Jakob Sande med dramatisk innleving, det var så vi kunne sjå den stavrande kallen med katten etter seg. “…men verst var han skamfaren bak…”

Dette inspirerte Gro Lande til å lese eit dikt om ein som realiserte ein Lotto-gevinst før han fekk vite at den som skulle levere inn kupongen, hadde gløymt å gjere det. Det fekk Anna Rysstad til å fortelje om då ho og mannen spelte på hest og ho ville ha hest nr. 9, men han ville ikkje høyre på kona. Då ho kom heim frå jobb om kvelden, fekk ho vite at dei hadde vunner nest høgaste premie, den var på vel sju tusen kroner, men om dei hadde spelt på nr. 9, hadde premien vore over tre milliionar kroner. Seinare fekk ho spørsmål om ho framleis budde saman med mannen som ikkje ville høyre på henne.

Desse innspela inspirerte Kjetil Rike til å fortelje om då han og Kjetil Kyrvestad som små, tre-fire år var dei kanskje, gjekk jolebassar og vart skremde, for hans del hadde han bare prøvd å gå jolebasse bare ein gong seinare. Då var det svært naturleg å syngje “Ein skulle vore fire år i romjul’n”.

Klokka seks var det nydeleg jolemiddag, ribbe med tilbehøyr, riskrem og kaffe. Så samlast vi etter middagen til meir underhaldning, då var Hanna Kyte Assman og Bjørnar Støle komne for å spele og syngje for oss. Nydelege jolesongar frå nydelege ungdomar….

Eg vann ein kakeboks og ein pose kaffe i basaren etterpå, og etter nokre fleire jolesongar var det tid for å bryte opp. Eit triveleg jolemøte var slutt.