Setesdalslaget i Oslo

Share

I sendinga fredagskvelden hadde Bjørgulv T. Berg ein prat med Gunvor Ruth Salvesen i Setesdalslaget i Oslo. Bakgrunnen var ein epost vi fekk frå det reetablerte laget:

Onsdag 28.10 vart det fyrste styremøtet i Setesdalslaget i Oslo halde hjå Sigrid Berg. Med heimelaga rundstykke og blautkake låg alt til rette for ei produktiv og triveleg samling. 10 av 12 møtte opp, og med saksliste for hånd tok me fatt i dei fyrste begivenheitane og drift av det reetablera laget.

Setesdalslaget i Oslo har som mål å samle dei utflutte setesdølane og vil bygge på den felles kulturen me har vakse opp med. Gangarkurs, kvedarkurs, t-skjorte produksjon og samlingar var noko av det me diskutera på møtet.

Olav Bendic Hovet var framsynt og hadde i førekant booka Halli i Nordahl Bruns gate som var det gamle lagets tilhaldstad. Med dette vert det tilskipa fest den 12.12.2009. Me gjentek suksessen frå forrige gong med quiz, og denne gongen er det byglendingane Vetle Toreid og Sveinung Skjevrak som har teke utfordringa om å lage denne.

Denne festen vil koste kr. 50 som skal gå til innmelding i Bygdelags samskipnaden og Norges ungdomslag. Her vert det spel og dans frå 19.00 til 01.00 og alle setesdølar er sjølvsagt velkomne.

Styret blei satt og titulert. Sigrid B. Berg vart valgt til formann, og Jorunn Nomeland fekk den gjeve tittelen frå det gamle lagets tid; ”Propaganda minister”.

Olav Bendic Hovet, som både kom med gode råd og helt oss unge litt i øyrene, fekk tittelen ”Mentor” Vidare titlar/ansvar:

Anne Hasla: Kunstnerisk leiar
Finn Håkon Borgi: IT-ansvarlig
Peer Ole Jacob: Spelemann
Vetle Toreid: Vara sekretær
Gunvor Ruth Salvesen: Sekretær
Lars Rysstad Nordgreen: Underhaldningsansvarleg
Monica Helle: Journalist
Liv Bakke Kvinlog: Kasserar
Gunvor Edel Åkre: Språkvaskar
Sveinung Skjevrak: Varakasserar

Me ynskjer med dette å halde setesdølar både heime og i Oslo oppdatert om kva som skjer i hovedstaden. Etterkvart vil det kome ei heimeside som gir alle tilgang på drift og verksemd av laget.

Det er viktig at setesdølane vert høyrde og sett også i ein storby som Oslo, og med dette er Setesdalslaget i Oslo i gong!