Program for 8. og 9. desember

Share

Tysdag 8. desember

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Bjørgulv T i samtale med kapellmester Bernt H. Christensen
20:00 Når tru kostar.
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 9. desember

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Jorunn og Gudrun

18:00 Aktuell time ved Ørnulf
19:00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19:30 Kommunen informerer ved Torunn C. N. Lund
20:00 Gamle opptak frå Heddi og Bjørgulv Myhola. Andres Helle sitt kåseri ved opninga av Sylvgarden
21:00 Opi sending ved Øyvind og Ørnulf.

Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com/
Epost: post@valleradio.com
Telefon 379 37577

Du kan no og høyre Valle radio som mp3. Gå inn på sida vår og trykk på lenka til å høyre som mp3 eller på gamle måten..

Skafså fjellkyrkje og andre kyrkjer

Share

I går var planen å skrive om Skafså fjellkyrkje. Men det går ikkje alltid slik ein planlegg, og for meg gjekk det ikkje slik i går. Eg vart i staden hekta på å skrive om Fødselskirken i Betlehem på wikipedia, og dermed gløymde eg det meste. Nå vart det ein grei artikkel på wikipedia, det kan du sjølv sjekke her: http://no.wikipedia.org/wiki/F%C3%B8dselskirken Fire bilete og litt historikk om ei av dei eldste kyrkjene som er i bruk i verda i dag. Og i ei førjolstid kunne det høve godt, for sjeldan er kyrkja så sentral som i denne tida.

På wikipedia har vi for tida ein dugnad om å skrive nye artiklar basert på ønske som folk har kome med. Difor skreiv eg og om Särna stavkyrke i Sverige, ei kyrkje frå 1600-talet som vart bygd for å makrere at området var blitt svensk, det er ei interessant historie som du kan få med deg om du les artikkelen og lenkene som ligg i artikkelen. Heile området vart hærteke på ublodig vis av ein prest som kom og døypte borna, det hadde tydelegvis ikkje vore norske prestar der på mange år, for nokre av borna var sju år gamle, heiter det i protokollen han skreiv etter hendinga. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%A4rna_stavkirke

Valle Radio hadde eit innslag om Skafså fjellkyrkje fredagskvelden, det var Bjørgulv T. som snakka med Gunnar Seltveit i telefonen. Kyrkja, som ligg like ved Hallbjønnsekken, vis a vis skitrekket, vart vigsla av biskop Olav Skjevesland i sommar.

Fredag den 11. desember har dei planlagt eit førjolstreff oppe i fjellkyrkja. Det vert kl. 1800, og programmet er som fylgjer, skriv Gunnar Seltveit i ein epost til Valle Radio:

Dikt, opplesing, duettsong, mykje allsong og sjølvsagt noko attåt. Denne kvelden vert det saft, kaffi og kringle. Det vert ein kollekt til fjellkyrkja.
Alle er hjarteleg velkomne.

Det vert fyrste gongen vi tek kyrkja i bruk på kveldstid. Vi ynskjer at dette skal bli ein fin tradisjon før jol.