Misjonsleiarar beklagar

Share

I kveld hadde eg med eit innslag frå Nytt Liv Media der Ola Tulluan fortalde om rapporten om oppvekst og skulegang for barn av misjonærar i utlandet. Rapporten syner at mange barn vart mobba og plaga og nokre og utsette for misbruk på internata i tilknytning til norske skular for born av foreldre som arbeidde i andre land. Nokre var barn av misjonærar, men også av foreldre som arbeidde i næringslivet i andre land.

2500 personar fekk spørsmål om å delta i ei undersøking. 60% svarte ja, det er 1481 personar, og undersøkninga, som er gjort av IRIS, International Research Institute of Stavanger avdekkar kritikkverdige forhold.

Ola Tulluan fortalde at NMS og NLM står saman om å fylgje opp undersøkinga og vil ha møte med folk som har budd på internata og opplevd ting som ikkje har vore greie. Om naudsynleg vil dei hjelpe til å få samtale med profesjonelle hjelparar og med å søke erstatning hjå det offentlege, skulane var offentlege skular.

Det var og eit intervju med Harald Eraker, som synest misjonen er seint ute. Han var sjølv elev ved den norske skulen i Japan og er talsmann for tidlegare elevar ved denne skulen.

I tillegg hadde vi eit interjvu med rektor på Misjonshøgskulen, ikkje om denne saka, men om at dei truleg må nedbemanna neste år for å få endane til å møtast. I 2008 hadde dei nedgang i elevtalet, og sjølv om det har gått opp att no, rekk ikkje tilskotet frå Staten til. Utan fem millionar kroner frå gjevarar hadde skulen truleg blitt lagd ned. Dette skuldast at tilskota frå det offentlege til Misjonshøgskulen i Stavanger ikkje dekkjer det som andre høgskular får.