250 Postludium 2

Share

Eg skreiv for eit par dagar sidan at vi ville markere 250 program som Niklos har hatt i serien Postludium. Då antyda eg at vi kanskje kom til å dra til Bykle og få oss middag på Bykle Gjestegard. Dei såg nok langt etter oss om dei hadde lese bloggen, for vi ombestemte oss og drog til Evje i staden.

Det passa i grunnen betre for oss begge, for då slapp Niklos å kome til Valle med bussen klokka halv tolv og vere i Valle heilt til klokka halv ti om kvelden. Og eg kunne få gjort eit par småting på Evje, så noko over halv eitt svinga eg mot sør og fekk sola rett i ansiktet, ho står lågt no.

På Besteland plukka eg opp Niklos og så la vi oss stille bak ein diger lastebil som køyrer stein og grus frå Åraksøyne til den nye vegen som dei har starta så smått å byggje på Tveit. Det er eit stort anlegg, fem bilar går i skytteltrafikk heile dagen, heilt til klokka 20. Dei er store, men det trengst mange lass, eg trur han sa dei skulle ha nærare 200.000 kubikkmeter. Om dei tek 20 i kvart lass, så vert det 10.000 turar.

Eg er av dei som tek 15 minutt, som det står på plakatane langs vegen, så på Storestraumen var det tid for ein høneblund. Det er utruleg kva det gjer å få sove nokre minutt, ein vert som eit nytt menneske. På Evje gjorde vi dei ærenda vi hadde, og så sessa vi oss på Møteplassen. Der fekk vi den store og velsmakande hamburgeren til Gry Elvrum saman med steikte poteter. Det smaka svært godt, den sausen dei hadde var full av meirsmak, så eg trur eg dyppa alle potetene i den. Eit kakestykke og ein kopp kaffe krona eit gasta måltid før vi gjekk tilbake til bilen. Glatt var det til og med på Evje, sjølv om det ikkje var uråd å kome seg fram og strøinga var rimeleg.

Då vi kom til bilen, møtte vi Lisbeth på biblioteket, ho hadde vore på Evje på møte og skulle no vente på bussen til Valle. Dermed vart vi tre i bilen på turen oppover, hyggeleg å prate og triveleg selskap for oss og to timar tidlegare heim for henne. For meg bar det rett i radioen, Niklos hoppa av på Besteland for å få seg ein middagslur, så kom han opp med bussen, som han pleier på tysdagskveldane.

Ein nydeleg tur på ein vakker vinterdag og ei fin oppladning til program nr. 250 for Niklos i Valle Radio, 12 år etter at vi starta med desse programma, eit vakkert adventsprogram med den gamle salma Folkefrelsar til oss kom som raud tråd i platebunka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *