Joleferie

Share

Jola kom tidleg til bloggen i år. Onsdag i sist veke var siste innlegg, no er det mandagskveld. Eg har fått spørsmål om kor bloggen vert av, så eg får vel skrive litt i kveld.

Dei siste vekene før jol vart eg engasjert på ein ekstra måte på wikipedia ved at eg var leiar for ein konkurranse som gjekk kvar veke. Vi sette opp nokre emne, og så var konkurransen å skrive innanfor oppsett emne. Rosett til vinnaren, ikkje noko stor sak, men heder og ære, og det likar mange.

Og så har eg gjort eit forsøk på å legge meg litt tidlegare, og om eg har hatt kvelden i lag med familien og løyst jolereise-rebus i Fædrelandsvennen, så er det ikkje alltid eg orkar å setje meg til og skrive blogg før natta tek over. Så joleferie har det vore nokre dagar no.

Men i dag kom eg meg i gang att, både på wikipedia (utanom konkurranse) og på bloggen. På wikipedia skreiv eg om teologiprofessoren Ivar P. Seierstad
http://no.wikipedia.org/wiki/Ivar_P._Seierstad Bakgrunnen var ei lita opprydding og plutseleg dukka heftet hans, Gammeltestamentlig bibeltelologi, opp. Det var stensilert i 1972 og trykt opp på Norsk Lærerakademi i 1974 til bruk for kristendomsstudentar. Så tenkte eg at eg skulle finne noko meir om han, men wikipedia hadde ingen artikkel, bare rød lenke. Og rød lenke er oppmoding om å skrive noko, så eg søkte på Internett og google fann artikkel i Norsk Biografisk Leksikon. Dermed hadde eg grunnlaget, det var lagt av Bernt Oftestad, som er kyrkjehistorikar og skriv for Norsk Biografisk Leksikon. Eg meiner jo at sentrale folk innan kyrkje og kristenliv har like mykje rett til artiklar på wikipedia som popstjerner med plateutgjeving, og folk som har gjeve ut bøker, bør få artiklar. Så no ligg han der.

Elles har livet i Tregdeveien vore roleg. Eg er glad eg kan vere inne desse dagane, snø er ikkje min favoritt, men i morgon må eg nok ut ein tur og sjå etter jolegåver. Om det kjem noko på bloggen om dei, det får tida vise.

Onsdagskvelden vert det sending i Valle Radio, eg trur det er frå klokka 17. Då skal eg prøve å få det inn, for no har dei fått ei ekstra løysing for streaming, så kanskje eg kan få det inn sjølv om eg ikkje brukar windows.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *