Postludium 250 – 3

Share

Her er programet Niklos presenterte i Valle Radio 1. desember 2009, som var hans program nr. 250 i serien Postludium:

Nun komm der Heiden Heiland. Koralmotett for kor og basso continuo frå samlinga Die Fest- und Zeitandachten av Andreas Hammerschmidt (1612 – 1675). Det var Hannover guttekor og Himlische Kantorei som song med Jørg Breiding som dirigent, og det var Noregspremiere på dette stykket.

Nun komm der Heiden Heiland. Orgelkoral (BuxWV 211) av Dietrich Buxtehude (1637 – 1707) spelt av organisten Piet Kee på orgelet i Roskilde domkyrkje.

Machet die Tore weit. Motett for 4-stemmig kor av Gottfried August Homilius (1714 – 1785) framført av Stuttgart Kammerkor dirigert av Frieder Bernius.

Offfertoire pour premier dimanche de l’avent frå samlinga Neuf offertoires de caractères gradués pour l’avent et le temps de Noël (nr. 1 i d-moll) spelt av organisten Jaques Amade på orgelet i St. Ouen klosterkyrkje i Rouen.

Og så avslutta han lokalt:

Sonata con Chorale over Folkefrelsar til oss kom av Eilert Hægeland, spelt av komponisten på orgelet i Flekkefjord kyrkje.

Det er mange som har blitt imponert over dei grundige kommentarane Niklos har mellom kvart stykke. Eg tek dei med, slik at fleire enn eg kan få sjå at det ligg eit grundig arbeid bak programma:

Andreas Hammerschmidt var fødd 1. desember 1612 i Brux i Bøhmen (Tsjekkia). Han døydde i Zittau 29. oktober 1675. Han var utdanna på gymnaset i Freiberg og eleva av Stephan Otto i Spandau. Organist i Wesenstein, i Petrikirche i Freiberg og til sist i Johanneskirche i Zittau 1639 – 1682. Samlinga Fest- und Zeitandachten er frå 1671.

Dietrich Buxtehude var fødd i 1637 i Oldeslohe i Slesvig som den gongen høyrde til Danmark. Han var organist i Hälsingborg, Helsingör og frå 1668 til 1707 etterfylgjaren til Franz Tunder i Mariakirche i Lübeck. Ca 115 kyrkjekantataer og omlag 100 orgelverk har han komponert og likeeins pasjonsoratoriet Membra Jesu Nostri og Das Jungste Gericht.

Organisten Piet Kee var fødd i 1927 og var organist i Haarlem og Alkmaar. Professor ved Sweelinck-konservatoriet i Amsterdam.

Orgelet i Roskilde domkyrkje er bygd i 1555 av nederlenderen Herman Raphaelis Bodensteen og seinare ombygd fleire gonger, mellom anna i 1926 då det vart utvida ein del. Den siste restaureringa var ferdig i 1990 og innvigd 1. juni same året med det danske kongeparet til stades.

Gottfried August Homilius var fødd 2. februar 1714 i Rosenthal i Sachsen som son til ein prest. Den lengste tida utdanna han seg i Dresden, men han var og elev av Bach i Leipzig og Johann Schneider. Han var organist i Frauenkirche i Dresden, seinare kantor i Kreuzkirche same staden. Han døydde 2. juni 1785.

Charles Alexis Chauvet var fødd i 1837. Han var elev av Francois Renoit og Ambroise Thomas og organist i ulike kyrkjer i Paris, mellom anna i St. Trinité, der F.A. Guilmant vart etterfylgjaren hans. Chauvet døydde av tuberkulose i 1871. Offertoire er komponert i 1871.

Orgelet i St. Ouen klosterkyrkje i Rouen var bygd i 1890 av den franske orgelbyggjaren Aristide Cavaillé-Coll.

Eilert Hægeland var fødd 21. september 1951 som einaste son til Johanna og Anders Hægeland på Evje. Han fekk si fyrste pianoundervisning hjå Reidun Høgetveit og kom sidan som elev hos domorganist Bjarne Sløgedal i Kristiansand. Seinare studerte han på Musikkonservatoriet i Oslo med lærarar som Arild Sandvold, Hans Solum, Johan Kvandal og Conrad Baden. Han var og i Stockholm og studerte fransk barokkmusikk hjå domorganist Gotthard Arner. Han var organist i Åleseund, Tromsø, Oslo, Bodø, Fyresdal og Bygland. Han døydde 13. februar 2004.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *