Romjol

Share

Det er lenge sidan vi har hatt ei så kald romjol på Sørlandet. Denne jola er det snø og mange minusgrader, ned mot 10, og det er kaldare enn på lang tid. Så sel dei bortoverski så det susar, det er jo lettare å kunne spenne på seg skia i ei lysløype ein halv times køyretur heimanfrå, enn å ruste seg med nedoverski og dra til eit alpinsenter, anten det er i Brokke eller på Hovden.

Sjølv kunne eg ikkje tenkje meg ski, korkje nedover eller bortover, så eg held meg til raggsokkar utan skisko og nyt livet utan å få naglebit, om eg då ikkje må få bort snø frå bilen for å ta meg ein tur til butikken. Det er seks kilometer til sentrum, så om ein ikkje treng noko, droppar ein den turen.

I går tok vi turen til Lyngdal på romjolsbursdagsfeiring, og då fekk vi ei avveksling frå Den store julereisen, konkurransen i Fædrelandsvennen som vi har brynt hovudet på denne jola. Då spelte vi Gruble. Det er eit enkelt spel, men gruble må ein likevel. Først bestemmer ein emne, kanskje fem til ti ulike emne. Så trekkjer ein bokstav, og så gjeld det å skrive ned eit ord innan kvart emne som startar med denne bokstaven. Jentenamn er lett, Norske øyer, Hovudstader, Forfattarar og teikneseriefigurar er vanskelege, men om ein godtek mat til å vere alt som kan etast, går det som oftast å kome på noko på to minutt. Dei som klarar eit unikt svar, får to poeng, dei som deler med andre, får eitt poeng. Ein slik konkurranse kan ta ei stund, den er sosial og triveleg, særleg når ein sjølv kjem høgt på lista til slutt. Då kan ein mest gløyme kulda og ta eit ekstra kakestykke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *