Skafså fjellkyrkje og andre kyrkjer

Share

I går var planen å skrive om Skafså fjellkyrkje. Men det går ikkje alltid slik ein planlegg, og for meg gjekk det ikkje slik i går. Eg vart i staden hekta på å skrive om Fødselskirken i Betlehem på wikipedia, og dermed gløymde eg det meste. Nå vart det ein grei artikkel på wikipedia, det kan du sjølv sjekke her: http://no.wikipedia.org/wiki/F%C3%B8dselskirken Fire bilete og litt historikk om ei av dei eldste kyrkjene som er i bruk i verda i dag. Og i ei førjolstid kunne det høve godt, for sjeldan er kyrkja så sentral som i denne tida.

På wikipedia har vi for tida ein dugnad om å skrive nye artiklar basert på ønske som folk har kome med. Difor skreiv eg og om Särna stavkyrke i Sverige, ei kyrkje frå 1600-talet som vart bygd for å makrere at området var blitt svensk, det er ei interessant historie som du kan få med deg om du les artikkelen og lenkene som ligg i artikkelen. Heile området vart hærteke på ublodig vis av ein prest som kom og døypte borna, det hadde tydelegvis ikkje vore norske prestar der på mange år, for nokre av borna var sju år gamle, heiter det i protokollen han skreiv etter hendinga. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%A4rna_stavkirke

Valle Radio hadde eit innslag om Skafså fjellkyrkje fredagskvelden, det var Bjørgulv T. som snakka med Gunnar Seltveit i telefonen. Kyrkja, som ligg like ved Hallbjønnsekken, vis a vis skitrekket, vart vigsla av biskop Olav Skjevesland i sommar.

Fredag den 11. desember har dei planlagt eit førjolstreff oppe i fjellkyrkja. Det vert kl. 1800, og programmet er som fylgjer, skriv Gunnar Seltveit i ein epost til Valle Radio:

Dikt, opplesing, duettsong, mykje allsong og sjølvsagt noko attåt. Denne kvelden vert det saft, kaffi og kringle. Det vert ein kollekt til fjellkyrkja.
Alle er hjarteleg velkomne.

Det vert fyrste gongen vi tek kyrkja i bruk på kveldstid. Vi ynskjer at dette skal bli ein fin tradisjon før jol.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *