Valle pensjonistforening

Share

I kveld klokka fem hadde Valle pensjonistforening jolemøte, kunngjort i Valle Radio sist tysdag med påminning om å melde seg på til Anne Lise Harstad innan fredag i sist veke.

Etter ein knapt akademisk kvarter helsa ho oss velkomne og kunne fortelje at det var eit heilt år sidan sist møte, ingen av oss var i tvil om kva som hadde vore grunnen til det, for av Valle Radio sine mest trugne telefonvener i Opi sending, Anne Lise og Torleif, er no bare Anne Lise att.

Etter ein song fekk eg halde andakt, og eg tok utgangspunkt i joleevangeliet sine ord om at det ikkje var husrom til barnet som vart fødd. Eg knytte det saman med jolesalma Mitt hjerte alltid vanker, der det i andre verset heiter:
Akk kom jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke: Kom Jesus dog herinn.

Etter andakten var det naturleg å syngje denne salma saman, Pensjonistforeninga har sangbok med stor skrift som er lett å lese for folk som dimmest på synet, så utover kvelden vart songen bare betre og betre. Som vanleg spelte Kjetil Rike trekkspel til songane.

Gjest på møtet var fylkesleiar for Aust-Agder, Gro Lande frå Evje. Ho hadde med gratulasjonar i høve at det var 25 år sidan laget starta opp. Bare to av dei som var med på det, er framleis medlemmer i laget, men ingen av dei var på møtet. Gro hadde med ei gåve på 600 kroner og ein blomebukett som Anne Lise fekk etter helsinga. Så kunne ein halde fram med meir song, og etter “Det lyser i stille grender” av Jakob Sande las Torleif Harstad “Kallen og katten” av Jakob Sande med dramatisk innleving, det var så vi kunne sjå den stavrande kallen med katten etter seg. “…men verst var han skamfaren bak…”

Dette inspirerte Gro Lande til å lese eit dikt om ein som realiserte ein Lotto-gevinst før han fekk vite at den som skulle levere inn kupongen, hadde gløymt å gjere det. Det fekk Anna Rysstad til å fortelje om då ho og mannen spelte på hest og ho ville ha hest nr. 9, men han ville ikkje høyre på kona. Då ho kom heim frå jobb om kvelden, fekk ho vite at dei hadde vunner nest høgaste premie, den var på vel sju tusen kroner, men om dei hadde spelt på nr. 9, hadde premien vore over tre milliionar kroner. Seinare fekk ho spørsmål om ho framleis budde saman med mannen som ikkje ville høyre på henne.

Desse innspela inspirerte Kjetil Rike til å fortelje om då han og Kjetil Kyrvestad som små, tre-fire år var dei kanskje, gjekk jolebassar og vart skremde, for hans del hadde han bare prøvd å gå jolebasse bare ein gong seinare. Då var det svært naturleg å syngje “Ein skulle vore fire år i romjul’n”.

Klokka seks var det nydeleg jolemiddag, ribbe med tilbehøyr, riskrem og kaffe. Så samlast vi etter middagen til meir underhaldning, då var Hanna Kyte Assman og Bjørnar Støle komne for å spele og syngje for oss. Nydelege jolesongar frå nydelege ungdomar….

Eg vann ein kakeboks og ein pose kaffe i basaren etterpå, og etter nokre fleire jolesongar var det tid for å bryte opp. Eit triveleg jolemøte var slutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *