Siste dagen i januar-refleksjonar

Share

31. januar, var ikkje det dagen då sjølvmeldinga skulle leverast. Eg hugsar at eg tok turen til Valle rundt midnatt og la konvolutten i postkassen på kommunehuset og var glad då eg hadde gjort årets “på ære og samvit”. No er det slutt, og ein sit heime og leverer elektronisk om nokre månader, etter å ha fått ei ferdigutfylt sjølvmelding tilsendt. Eg saknar ikkje den gamle tida og trur den elektroniske tida er betre med dette og.

På ti til femten år har veldig mykje endra seg i samfunnet. Då vi starta Valle Radio, var det mange som nytta musikk på kasett. Så kom CD-platene og endra det, og no nyttar vi Spotify og har eit kjempestort musikkarkiv til rådvelde. Vi tok opp sendingane på videoband, dei hadde god plass i høve kassettar. No legg vi digitale opptak i arkivet. I mange år fekk eg tilsendt kassettar til tysdagssendinga, no lastar eg det ned over internett, og på internett kan du og høyre sendingane våre om du ikkje er i øvre Setesdal.

På dei åra eg har skrive bloggen, har det blitt eit par tusen innlegg, eg kunne ikkje ha drøymt om det. Og Valle Radio er på Facebook, det er endå eit steg vidare. Målet vårt med desse tiltaka er jo å få kontakt med lydarane på andre måtar enn gjennom telefonen på Opi sending. Slike måtar å halde kontakt med lydarane på vert kalla sosiale medier. Lydarane kan gje tilbakemelding, å lage radio er ikkje bare frå oss til dykk, men og frå dykk til oss.

Sosiale medier er alle medier der publikum kan bidra i ein samanheng. Difor er wikipedia og eit slikt sosialt medium. Eg diskuterer med skribentar som legg inn stoff og saman arbeider vi for å gjere leksikonet betre. I dag vart det sett opp ei liste over dei mest aktive brukarane på wikipedia på bokmål, eg kom på 15. plass.
http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Tinget#Husk_.C3.A5_gi_noen_en_oppmuntring

Det var nokre refleksjonar siste dagen i januar 2010

Prestegjeldsaksjon

Share

I mange år har det no vore prestegjeldsaksjon i Valle prestegjeld. I kveld klokka 19:00 starta prestegjeldsaksjonen 2010 i Bykle kyrkje. Talar i år er Ole Magnus Olafsrud frå Navigatørane. Kjell Hagestad song og det var ofring til kyrkjelydane sitt misjonsprosjekt før ein samlast til kveldsmat.

I morgon er det møte i Bykle kyrkje klokka 16 og 18 med tale av Ole Magnus Olafsrud. Då syng Valle familiekor. Mellom møta vert det taco.

Prestegjeldsaksjonen vert avslutta sundag klokka 11:00 med gudsteneste der fungerande sokneprest Øyvind Vognild er liturg og Ole Magne Olafsrud talar. Åslaug Dahl og Ingvild Egeland skal syngje. Det vert dåp og nattverd, og etterpå er det kyrkjekaffi, pølser og brus.

Her er det eit intervju med Olafsrud: http://www.delk.no/showarticle.php?id=251 Han har vore mykje engasjert i familierådgjeving. Han har og skrive fleire bøker. Nokre av dei er presenterte her: http://www.navigatorene.no/index.php?kat=38&mid=0

Dersom Bjørgulv har med opptakaren, kan det vel tenkjast at vi får høyre litt frå møta på Valle Radio etter kvart.

80-årsdagar

Share

Kjetil Rike
Det er tid for å gratulere folk som fyller 80. Eg er vel helst litt for sein for å gratulere Kjetil Rike, han hadde dagen sin sist veke og det var mykje folk innom der laurdagen, etter det eg høyrer.

Sjølv var eg i Mandal, som vanleg i helgene, så eg kunne bare sende varme tankar til jubilanten. Men då eg kom til Valle att måndag, kunne Gunnar Brottveit på Coop Valle fortelje at dei hadde vore der etter at dei stengde laurdagskvelden. Og så selde dei CD-plata som Kjetil Rike gav ut, eg veit ikkje om han sjølv tenkte at det skulle vere i høve 80-årsdagen, men det vart no det. Eg synest det var ein god måte å feire 80 år på, og plata tolde godt å vere grunnlag for sangtimen i Valle Radio tysdagskvelden. Då spelte eg dei ti fyrste songane på plata og hadde kommentarar om sangforfattarane etter kvart. Eg skreiv og på Setesdalswiki om plata og om jubilanten. Du kan lese det her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Der_roser_aldri_d%C3%B8r

Ånund K. Homme
er fem dagar yngre enn Kjetil, etter det eg fekk med meg frå ein kommentar på Facebook. Så han har åremålsdag i dag og feirar den på Sunnmøre, der han gjerne held til om vinteren. Han står bak serien vi har hatt i Valle Radio med Gamle svisker, gjennom åra har han laga 20 kasettar som ligg i radioen og kan nyttast som naudløysing når vi manglar ein halvtime med stoff.

Det var ei flott markering av Ånund K. sin dag i Setesdølen tysdag. Han fortel at han deppa i haust då legen nekta han å køyre bil. Eg fekk vere sjåfør for han nokre gonger i haust før han fekk lappen tilbake etter laseroperasjon. Ofte enda vi opp med middag på Øvrevoll etterpå, alltid triveleg å kome inn til Nella og Ånund. Eg skreiv om han og på Setesdalswiki, her er lenka til den artikkelen: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/%C3%85nund_K._Homme

Ånund brenn for Setesdalsforlaget, dei gav ut ei bok han sjølv har skrive om Buhunden Sonja, det var i høve kulturminneåret 2009, men kanjo sjåast på som gåve i høve 80-årsdagen, den også.

At begge jubilantane gjev gåver til bygda når dei rundar ein slik åremålsdag, det er ikkje kvardagskost. Til lukke med dagen og dagar som kjem.

Habilitet i kommunestyret

Share

Då Sigbjørg Næss var borte frå kommunestyremøtet i kveld, og då Saavi Nomeland ikkje ville veljast til settevararordførar, vart Pål Dale vald. Så kom ein til saka om Emisjon Valle industribygg, sak 10. Der var ordførar og rådmann ugilde. Etter kvart kom det fram at Olav Hovet og Saavi Nomeland og var ugilde, då dei hadde jobba i samarbeid med Valle industribygg.

-Eg vonar at vi vert vedtaksføre, sa Pål etter kvart som fleire var ugilde.

Og det var dei. Kommunestyret vedtok saka utan merknader frå representantane då saka var lagt fram.

Og dermed var Pål tilbake som settevaraordførar.

Då dei kom til saka om folkehøgskole, melde Olav Hovet seg ugild att, for han er leiar av interimstyret som førebur stiftinga av skulen. Steinar Kyrvestad var usamd med han i det, og meinte at han ikkje var ugild. Rådmannen måtte orientere om habilitet, og deretter vart saka teken opp til avstemming. Olav Hovet vart ugild mot tre stemmer.

Deretter brukte kommunestyret fem minutt på saka, det var innlegg frå Olav Henrik Homme og Pål Dale. Det vart peika på at ein måtte bruke anbod ved innkjøp etter reglane, noko ordføraren kommenterte med at dei gjer det kvar dag.

Klokka 19:50 var møtet slutt og folka gjekk til kaffe og vaflar på matstoga.

Dei fyrste 40 minutta av møtet var det orientering om prosjektet “Frå gråberg til gull.” Prosjektleiar Elin Tjordal Haugen var den som hadde orienteringa, ho var frå Suldal og skulle køyre tilbake over fjellet i kolonnekøyring etter orienteringa. Ei fyldig orientering med bilete synte ulike aktørar som prøver å lage prosjekt som kan gje inntekt med utgangspunkt i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Noko av det eg merka meg var at ho fortalde at mange folk ville heller ha 20 minuttars turar inn frå kanten av heia og ikkje dagsturar med overnatting langt inne i fjellet. Ho nemnde også at nokre aktørar var miljøsertifiserte, men ikkje så mange enno. Bjåen fjellstove som ligg i kanten av området var i fjor kåra til den hyggelegaste overnattingsbedrifta i Norge.

Etter hennar orientering var det orientering frå rådmannen og assisterande rådmann. Deretter orienterte ordføraren. Han nytta høvet til å slå eit slag for høvisk framferd i kommunestyret og lova å gå føre med eit godt eksempel.

Og så gjekk sakene slag i slag.

Aktuelt frå kyrkje og kristenliv landet rundt

Share

Denne programposten har eg hatt no som erstatning for Noreamagasinet, som eg ikkje lenger får tilsendt som cd-plate, men må laste ned frå norea. Ettersom dette ikkje fungerer for meg, kan eg bare laste ned det som ligg ope, og det er ikkje mykje.

På Nytt liv media sine sider har dei ein annan politikk, der ligg meir av stoffet ope for nedlasting, så over tid vil du nok tenkje at det er mykje rogalandstoff. Det har du heilt rett i, men no veit du grunnen.

I kveld henta eg eit kåseri av Asbjørn Kvalbein på Norea sine sider. Du kan lese det eller høyre det om att her: http://www.norea.no/page.php?mtid=51&elid=2742

Theis på besøk
Då web-pastoren var ferdig, kom soknepresten i Tveit i Kristiansand innom. Theis Salvesen var ivrig med i radioarbeidet då han var prest i Valle, og i kveld kom han opp fordi han skal ha gravferda for Tora Lund i morgon. 15 minutts prat i radioen var ei aktuell velsigning, litt om livet som prest i byen og saknet av radioen. Og ei oppdatering på korleis det går med borna. Theis likte ikkje at vi endå ikkje har fått bytt tekst i displayet til radioen, men dei nye reklamane våre, dei likte han. Og då eg for å demonstrere det nye musikksystemet vårt, Spotify, spelte Rammstein for han, bare eit par takter, då tenkte han at det går greitt i radioen sjølv om han er reist.

Siste del av timen hadde vi eit innslag om Frelsesarmeens arbeid på Haiti. Det kan du finne ut meir om her: http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=878 Inge Kallestad hadde snakka med kommunikasjonssjef Andrew Hannevik i Frelsesarmeen. Det var natuleg å spele musikk av Mannssambandet etter dette innslaget, Mannssambandet er eit mannskor innan Frelsesarmeen.

Det siste innslaget i kveld var om Marit og Irene, songevangelistane som no går online. Dei har heimeside og dei er på Facebook. Ingve Gilje hadde snakka med dei på telefonen, og eg kunne finne heimesida deira og fortelje at dei ikkje held fram på Evje denne veka, men at dei hadde god oppslutning om møta i helga. Og så kunne eg spele litt får musikken deira, som ein og kan finne på Spotify.

Og dermed var timen slutt, eg måtte til med Postludium.

Veke 4 – 2010

Share

Tysdag 26. januar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld. Vi presenterer CD-plate av Kjetil Rike.
19:30 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 27. januar

Teknikar: Jørund Georg Jore

18:00 Kommunestyremøte

Valle Radio er på Facebook. Du kan bli medlem av denne gruppa, du også. Da vil du ofte få programmet tilsendt samme dag som sendinga skal være. Logg deg på Facebook og søk etter Valle Radio og bli medlem, du også.

Kryssord

Share

I Opi sending er det kryssord-teknikkar som vert brukte for å løyse oppgåvene. Det fekk meg til å tenkje på ei oppleving eg hadde i sommar, då vi var på tur til Nord-Norge. I Vesterålens Avis er det kryssord i helgene, og ettersom vi var der ei helg, vart det til at vi løyste oppgåva.

Vertskapet vårt var så vennlege at dei sa at dei trudde vi kom til å vinne, og sanneleg, det gjekk troll i ord, som dei seier, vi vann. Premien var eit Vesterålens Avis-krus. Ettersom vi var reiste då løysinga kom, og avisa har som regel at vinnaren må kome innom og hente premien, gjekk verten vår innom avisa og henta på våre vegner. Det kunne ho godt gjere, for ho var så sikker på at vi kom til å vinne, at ho tok to krus frå si samling av premiar og gav oss før vi reiste, så no sit både eg og Reidun og kosar oss med kaffe i krus frå Vesterålens Avis.

Krus er i det heile ein fin premie, og i mange typar konkurransar er det krus det handlar om. Slik og i opi sending. Etter det eg hugsar, var det Gyro Uppstad som fekk krus siste gongen. Som eg skreiv i går, var det mange telefonar onsdagskvelden. Vi har til regel at vi trekkjer kruset mellom alle som ringjer inn, ikkje bare mellom dei som kjem inn i studio i løpet av sendinga. Då held spaninga seg for alle heilt til slutt.

Sist sundag fekk eg ein telefon med spørsmål om eit par kryssorduttrykk. Vi løyste dei saman og i kveld fekk eg ein ny telefon. Ho som strevde med kryssord sist helg hadde vunne tredje gevinst, som var to flaks-lodd. Dei kom ut i null, så den varige premien var namnet i avisa. Men ho gjekk laus på nye oppgåver denne helga og vi prata litt om nokre av orda i den oppgåva og. Alt før ho tok telefonen til meg, hadde ho klart gata i kryssordet, men det var eit par støtteord som vi kunne snakke litt om. Det gjorde vi, og så sludra vi litt om andre ting i same slengen.

Eg la inn eit godt ord for wikipedia til kryssordløysing, men det var nynorskordboka på nett som kom oss til hjelp då vesle vitet ikkje strakk til. Mange ting har endra seg etter at ein fekk Internett, ja.

Opi sending med litt av kvart

Share

Det var Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som skulle ha open sending onsdagskvelden, men då Tore Lund gjekk bort måndag, var det ikkje naturleg for Jorunn å vere med, så Kåre fekk med seg Jon Ola Rysstad, Høgrepolitikar og med på dette for fyrste gong. Det var ein debut han kunne vere nøgd med, dei to snakka med innringarane som gamle kjende.

Kåre hadde laga rebusar om litt av kvart, og etter nokre rebusar med aktuelle dagar og tider på året, gjekk han over til sportsheltar. Dei var noko tilårskomne, og mange av innringarane var ikkje påtenkte då dei hadde si glanstid. Å spørje ein tiåring om kor han var då Oddvar Brå brakk staven, det er jo rått parti. Fred Anton Maier er og ein helt frå historiebøkene, men svar fekk dei to i studio. Til tider var det ganske hektisk ved telefonen, eg hadde telefonteneste etter at eg hadde vore programleiar dei fyrste timane.

Det var mange som fylgde med over internett, dei som kom inn i studio var ei fin blanding av lokale og fjernare innringarar, både frå Songdalen, Sirdal og Kristiansand kom det telefonar.

For den som er ansvarleg for opi sending er det ein del praktiske oppgåver som må løysast, særleg med omsyn til å finne premiar og distribuere dei. Knut gjorde dette og på ein god måte, men så er han jo lært opp av Jorunn. Og denne gongen låg musikken han nytta i ein eigen katalog på Spotify, så teknikar Inga Flateland hadde ein enkel jobb denne kvelden.

Nesten 120 telefonar på halvannan time, både eg og Gudrun Nomeland skreiv så blekket spruta i innringingsøktene. Og så slutta dei av i høveleg tid, 22:30 er det greit å runde av når det er skule og arbeid dagen etter.

TAXI i Valle

Share

Frå årsskiftet har det kome nytt system for taxi i Valle, og onsdagskvelden kom dei to nye taxisjåførane i studio for å prate litt om det.

Erling Haugen frå Hylestad har kjørt taxi i Bykle i mange år, han køyrer for Einar Bygland, og då dei tapte anbodet om sjukekøyring i Bykle og Kåre som tidlegare hadde løyvet i Valle, slutta, vart det til at han flytta hit for å køyre her.

May Linn Mærsland er frå Tvedestrand. Ho har gjort fleire ting før ho slo seg på taxikjøringa, mellom anna har ho vore fotograflærling hos fotograf Haugaa på Evje. Så vart det ei opning for å køyre taxi, og ho slo til på den, så nå må ho nok bare fotografere når ho køyrer retur og møter eit motiv og ikkje har passasjerer i bilen.

-Om ho ser motiv når ho køyrer?

-Ja, det er mange fine motiv i naturen, av og til kan ein sjå eit og anna dyr også. Det er nå best å ikkje få dei på panseret.

-Om ein elg dukkar opp, siktar eg på bakføtene og vonar han kjem seg unna, sa Erling. Ein kan aldri kome forbi om ein tek sikte på hovudet, og då ligg heile dyret inn gjennom frontruta.

Dei har sjukekøyring og TT-køyring, til lege og slikt, Men dei vil og prøve å dekke behovet som måtte vere for taxikøyring for private, om dei no klarar det. Ikkje alltid like lett når telefonen ringer midt på natta.

-Hender det at du må stoppe og sove?

-Aldri når eg har passasjerer i bilen. Men om eg vert trøytt på heimtur, køyrer eg til sides og tek ein høneblund. Det er utruleg korleis det hjelper, seier Erling og presiserer at ein kan ikkje gamble med passasjerane sitt liv, så sig trøyttleiken over han, vil han nok be dei vente medan han tek seg ein lur.

-Eg likar ikkje når folk purrar oss midt på natta for ein kort tur, nesten ikkje lenger enn dei kunne gå, seier han. -Det er jo oppdraga på natta som slit mest, den andre køyringa er triveleg og gjevande.

-Og til no har det vore ganske mykje å gjere, så desse fyrste vekene har gått bra, sluttar dei før dei går ut og skriv namna sine i gjesteboka i Valle radio denne kvelden.

Coop Valle fornyar seg

Share

Gunnar Brottveit var i studio i nyhetstimen i går og fortalde om korleis Coop Valle fornyar seg. Heile innreiinga er skifta ut, det var ein stor jobb å få ut alt det gamle, inn med det nye og få varene på plass i hyllene, mykje skulle på nye plassar.
-Leverandørane måtte stille med folk for å sette på plass varer, fortalde han. På det meste var det 15 – 20 personar i sving. Det var ganske hektisk.

Bakgrunnen for dette er at kjeden sentralt vil profilere alle butikkane likt, og dermed måtte og Valle inn under den nye profilen. Kostnaden vart vel opp mot ein million, trudde Gunnar, som enno ikkje hadde full oversikt. Men det meste vert dekka av kjeden sentralt.

-Butikken er blitt opnare. Vi har sett saman ein del av det som var faghandel før og noko av matvarene er flytt opp på nivået der faghandelen var før. Det ser ut som om kundene synest det er greitt, varene er på nye plassar, men folk finn fram etter kvart.

-Det var godt å få brødskjæremaskinen bort frå plassen han stod på, for der var det helst trongt.
-Ja, han hadde ikkje nokon grei plass, så det var mykje greiare når han vart flytt, seier Gunnar, som og fortel at frå 1. januar skal tobakk ikkje vere synleg i butikken. Det har ført til at butikken har fått ein automat der folk hentar røyken etter at dei har betalt i kassa.
-Det systemet fungerer godt, fortel Gunnar.

Han kunne fortelje at Coop Valle framleis skaffar brunevarer og kvitevarer. At dei skaffar kvitevarer, visste ikkje eg, så eg sa at det seier du ikkje i reklamen på Valle Radio.
-Nei, du har nok rett i det, men vi skaffar altså kvitevarer, smilte han.

Etter dette fekk han forlate studio i Valle Radio for å kome seg heim og få mat etter ein lang dag på jobb. Vi takka for velvilje til å stille opp og ynskte til lukke med oppgraderinga.