80-årsdagar

Share

Kjetil Rike
Det er tid for å gratulere folk som fyller 80. Eg er vel helst litt for sein for å gratulere Kjetil Rike, han hadde dagen sin sist veke og det var mykje folk innom der laurdagen, etter det eg høyrer.

Sjølv var eg i Mandal, som vanleg i helgene, så eg kunne bare sende varme tankar til jubilanten. Men då eg kom til Valle att måndag, kunne Gunnar Brottveit på Coop Valle fortelje at dei hadde vore der etter at dei stengde laurdagskvelden. Og så selde dei CD-plata som Kjetil Rike gav ut, eg veit ikkje om han sjølv tenkte at det skulle vere i høve 80-årsdagen, men det vart no det. Eg synest det var ein god måte å feire 80 år på, og plata tolde godt å vere grunnlag for sangtimen i Valle Radio tysdagskvelden. Då spelte eg dei ti fyrste songane på plata og hadde kommentarar om sangforfattarane etter kvart. Eg skreiv og på Setesdalswiki om plata og om jubilanten. Du kan lese det her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Der_roser_aldri_d%C3%B8r

Ånund K. Homme
er fem dagar yngre enn Kjetil, etter det eg fekk med meg frå ein kommentar på Facebook. Så han har åremålsdag i dag og feirar den på Sunnmøre, der han gjerne held til om vinteren. Han står bak serien vi har hatt i Valle Radio med Gamle svisker, gjennom åra har han laga 20 kasettar som ligg i radioen og kan nyttast som naudløysing når vi manglar ein halvtime med stoff.

Det var ei flott markering av Ånund K. sin dag i Setesdølen tysdag. Han fortel at han deppa i haust då legen nekta han å køyre bil. Eg fekk vere sjåfør for han nokre gonger i haust før han fekk lappen tilbake etter laseroperasjon. Ofte enda vi opp med middag på Øvrevoll etterpå, alltid triveleg å kome inn til Nella og Ånund. Eg skreiv om han og på Setesdalswiki, her er lenka til den artikkelen: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/%C3%85nund_K._Homme

Ånund brenn for Setesdalsforlaget, dei gav ut ei bok han sjølv har skrive om Buhunden Sonja, det var i høve kulturminneåret 2009, men kanjo sjåast på som gåve i høve 80-årsdagen, den også.

At begge jubilantane gjev gåver til bygda når dei rundar ein slik åremålsdag, det er ikkje kvardagskost. Til lukke med dagen og dagar som kjem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *